Endå billegare i drift
Korleis koke juridisk fakultet på ein spiker.
Juridisk fakultet skal kutte. Og spare. Fordi for få avla eksamen i 2006, tapte fakultetet sju millionar kroner i studiepoengsinntekt. Kvalitetsreforma krev sine offer. Åtte til ti millionar kroner må sparast inn. 400 000 skal takast frå studenttilbodet, og verknadane er enorme.
Eksamen skal bli kortare, to sensorar skal bli ein, kurs skal slåast saman og utsett prøve skal vekk. Ein uheldig student som tilfeldigvis er sjuk eksamensdagen, kan tape over 200 000 kroner. Og å ta opp att eksamen meir enn to gongar i løpet av studieløpet, kan studentane berre gløyme. Juridisk fakultet har tidlegare blitt skyld av studentar for å vere firkanta. No er gradskiva tatt fram for å sikre at alle hjørna er akkurat 90 grader.
Korleis kan ein forsvare at det atter ein gong er jusstudentane som skal rammast når sparekniven skal fram?
Kor er vernet om studentane? Kor er nokon som tek ansvar? Juridisk fakultet er alt det fakultetet ved Universitetet i Oslo (UiO) som har minst å rutte med per student. Korleis kan ein forsvare at det atter ein gong er jusstudentane som skal rammast når sparekniven skal fram? I fjor auka juridisk fakultet lønningane til tilsette med 3 millionar kronar. Risikoane i finansieringssystemet er kjende, sjølv om inntektstapa kom overraskande på. Kanskje om ein hadde lagt inn ein margin slik at lønnsveksten vart på berre 2,5 millionar, kunne studentane vore skåna for dei mest smertefulle kutta no?
Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga, NOKUT, har i ein rapport konkludert med at jusstudiet er for dårlig finansiert, og at studentane overlatast for mykje til seg sjølve. Det er no det. Vent til 8-10 millionar kronar til forsvinn frå finansieringa.
Dekan ved Det juridiske fakultet, Jon T. Johnsen, seier til Uniforum at fakultetet er særleg utsett i den noverande finansieringsmodellen ved UiO, og at han har kontakta universitetsleiinga sentralt for råd. Eg undra kva svar han fekk. Universitas har nemleg og teke kontakt med rektor ved Universitetet i Oslo, Geir Ellingsrud, for å høyre kva han hadde å sei: Han ville ikkje seie noko. Han kjende ikkje innhaldet i saka godt nok. Når eit av fakulteta ved universitetet skal kutte utgiftene sine med mellom 8 og 10 millionar kroner, bør rektor vite om det. Når dei 4236 studentane ved juridisk fakultet får færre rettar og eit svekka studietilbod, er det ei skam om ikkje øvste leiar for universitetet set seg inn i det. Og tek grep. UiO sentralt er ikkje slavisk bunde av den offentlege finansieringsordninga. Dei kan overføre meir pengar til juridisk fakultet. Men då må jo Ellingsrud først sette seg inn i saka.
UiO sin visjon er å utfordre kunnskapens grenser og gje den einskilde og samfunnet innsikt til å forme framtida si. Ein gjer ikkje det ved å nådelaust krevje innsparing og kutt i det akademiske arbeidet. Og det er ikkje berre masterstudenten som merkar kutta. Utrygga er der heile vegen. Det er stopp i utlysinga av alle faste stillingar ved juridisk fakultet frå 2006 til 2009. At stipendiatar ikkje ein gong kan håpe på tilbod om vitenskapelege stillingar etter endt doktorgrad, skapar utrygge forhold. Og dei det vitskapelege miljøet mistar no, mistar dei kanskje for godt. Det lovar ikkje bra for rekruttering og nytenking.
Og til alle som ikkje går på juss: Studiepoengstap er vanskeleg å forutsjå. Det kan fort kome til eit fakultet nær deg og.