
Evner, bygg og anlegg
I ein situasjon der Noreg har store problem med fråfall på yrkesfagleg opplæring framstår det lite gjennomtenkt å dytte fleire inn i høgare utdanning.
Den norske skomakaren skal vekk frå sin lest. Eit utval sett ned av Kunnskapsdepartementet har fått i oppdrag å vurdere yrkes- og fagopplæringa her i landet, og rapporten er no levert. Der blir det mellom anna føreslått å fjerne kravet om allmennfagleg påbygging, slik at fagbrev frå vidaregåande skule blir tilstrekkeleg for å søke opptak til høgare utdanning. Med dette vil ein gå eit kraftig steg i retning av å viske ut skilnadene mellom teoretisk og praktisk utdanning.
Å seia at dette handlar om evner og anlegg blir mildt sagt eit blindspor.
Leiaren for utvalet, som også er forbundssekretær i Fellesforbundet, Rolf Jørn Karlsen, sa i førre veke til Universitas at «det er på høy tid å få likestilt yrkesfaglig og allmennfaglig utdannelse». Dette minner om akutt mangel på yrkesstoltheit, i sær når Karlsen utdjupar synspunkta sine vidare. Han meiner det er ei manglande forståing for at folk med yrkesfagleg utdanning også har føresetnader for å jobbe med i teori. Eit nærliggjande spørsmål er da om Karlsen ville latt ein bachelorkandidat i filosofi vera med på oppkopling av nytt straumnett i Oslo eller lage sjuretters middag til kongen. Å seia at dette handlar om evner og anlegg er mildt sagt eit blindspor. Det handlar om å ha eit grunnlag for å yte.
Det er to hovudårsakar til at generell studiekompetanse er svært nyttig før ein begynner å studere. Det eine er den faglege ballasten. Det er liten tvil om at gode norsk og samfunnskunnskapar vil koma uhyrleg godt med i ein studiesituasjon. Minst like viktig er motivasjonen og innsikta i kva eit slikt løp vil krevje. Å sitja minimum 30 timar i veka med nasen i ei bok krev konsentrasjon og tolmod på ein anna måte enn praktisk arbeid, og å ha prøvd dette på førehand er ein god peikepinn på korleis studielivet ofte artar seg.
Samstundes som ein ønskjer fleire praktisk utdanna inn i eit teoretisk løp, har norsk yrkesutdanning eit massivt problem med å få elevane gjennom. Ifølgje Statistisk sentralbyrå fullfører berre 40 prosent på normert tid. Av dei som byrja på studieretninga mekaniske fag hausten 2002 slutta førtiein prosent undervegs i studieløpet, tilsvarande 32 prosent på byggfag. For å nemne nokre. Denne utfordringa bør ha langt høgare prioritet enn å få fleire yrkesutdanna inn på universitet og høgskolar.
Dei som fullfører vidaregåande yrkesopplæring går nemleg lyse tider i møte. Dagsavisen kunne tidlegare i år melde at utsiktene for yrkesutdanna er svært gode, og allereie i dag er det eit udekka behov for faglærte. NAV meiner desse gruppene så og seia er sikra jobb, og lønsnivået for fagutdanna konkurrerer med høgare utdanna fordi dei begynner tidlegare i arbeidslivet. Det er altså ikkje denne gruppa som vil slite på ein framtidig arbeidsmarknad.
Det heiter seg at teori er når ingenting stemmer, men alle veit kvifor, praksis er når alt stemmer og ingen veit kvifor, og at ein kombinasjon av desse to vil vera ein situasjon der ingenting stemmer og ingen veit kvifor. Kunnskapsdepartementet er no i denne situasjonen. Det kan vera lurt å begynne der ryddejobben er størst, nemleg å få yrkesfagelevar gjennom løpet. Om det lukkast, vil det vera utdanning meir enn god nok. Og så er kandidatane hjarteleg velkomne inn i høgare utdanning etter å ha skaffa seg den naudsynte ballasten for å gjennomføre henne.