Illustrasjon:Anders Nordmo Kvammen

Ikkje mobb professoren min

Vil vi ha eit universitet kor sunn konkurranse erstattast av personleg mobbing?

Publisert Sist oppdatert

I ei undersøking gjort ved Det humanistiske fakultet (HF) ved Universitetet i Oslo (UiO) kjem det fram at 1 av 8 av dei vitskapelege tilsette meiner dei har vore utsett for mobbing. Kristian Mollestad, hovudtillitsvald i Forskarforbundet ved Universitetet i Oslo (UiO), trur det skuldast at dei tilsette må gjere meir av både forsking og undervising, og endar opp med å kjenne at dei ikkje strekk til. For å bøte på det veks det fram eit usunt konkurransemiljø på fakulteta, kor mobbing er ein del av kvardagen.

Kva seier dette om fagmiljøa som vert dyrka fram på UiO? For dette er neppe eit fenomen som avgrensar seg til HF.Om humanistar kjenner seg mobba, er det nok mange medisinarar, matematikarar og samfunnsvitarar og som gjer det.

Men studentgenerasjonen av i dag gjekk på skulen på den tida då krigen mot mobbing vart erklært. Bondevik varsla nulltoleranse, og skulle hive mobbinga ut av skulen. Det vart lov å seie høgt at den psykiske valden er like ille som den fysiske. Det er nok det som gjer at fleire tør å seie i frå no. At mobbing er eit ord fleire tør å ta i munnen. Derfor er det ikkje godt nok at berre ein av fakulteta på universitetet har gjeve dei tilsette høve til å ta bladet frå munnen og gjennomført ei undersøking om arbeidsforholda.

Nå må studentar ved UiO spørje seg spørsmålet: Er det greitt at arbeidsmiljøet til våre faglige førebilete er prega av mobbing? For det vil jo vidare sei at dei som set den akademiske dagsorden, heller tek omsyn til kven som har funne ut noko, enn kva som er funne ut. Tykkjer vi det er greitt når professorar kjem med små stikk mot kollegene sine på forelesingar? «Her på fakultetet skjønar dei jo ikkje slikt,» er ein klassikar eg har høyrt mange gongar. Korleis kan vi vere sikre på at vi får tilgong på all kunnskapen på eit felt, om forholdet mellom vitskapeleg tilsette er prega av mistru og usunn konkurranse? Vi treng motiverte forelesarar med ei opa tilnærming til fag, om vi som studentar skal lukkast. Desse har ikkje gode vekstvilkår i konfliktfylde arbeidsmiljø. Eg trur at ny kunnskap og innsikt veks fram i møte mellom ulike meiningar og oppdagingar, og at universitetet som forskingsinstitusjon må stimulere til slike møte. Om desse møta heller vert prega av motstand og konflikt enn sakleg fagleg diskusjon, er det kunnskapen og forskinga som lir.

Hjalp «ikkje mobb kameraten min»-buttonen vi fekk utdelt på barneskulen?

Og korleis er det eigentleg blant oss studentar? Korleis oppfører vi oss mot medstudentane våre? Hjalp «ikkje mobb kameraten min»-buttonen vi fekk utdelt på barneskulen slik at mobbing no er eit ikkje-tema? Eg trur ikkje det. Eg trur at blant studentar gjev mobbing seg utslag både som usunt arbeidspress og ekskludering av dei som ikkje passar inn. Nettopp derfor trengst det ei kartlegging blant studentane og. Eg nektar å tru at alle kryssar av nei på spørsmålet om dei kjenner seg mobba på universitetet. Eg håpar universitetsleiinga gjev dei studentane eit høve til å seie ifrå. Det er på tide å kaste mobbinga ut av universitetet.

Powered by Labrador CMS