
Institutt til stryk
Ein femdel av matematikk-studentane stryk på eksamen. Det er ikkje ein læringsinstitusjon verdig.
Vedvarande høge stryktal er grunn til større uroing enn det vi ser i dag.
Strykprosenten på Matematisk institutt er tre gonger høgare enn på universitetet generelt. I tillegg har det vore ei jamn auke over fleire år, frå 16 prosent i 2002 til 21,6 i 2006. Til samanlikning kan Institutt for offentleg rett skilte med berre 4,2 prosent, og statsvitskap er nede på 2,9 prosent. Vedvarande høge stryktal er grunn til større uroing enn det vi ser i dag.
Fagutvalet meiner forklaringa ligg i dårleg oppmøte på undervisninga. Og det kan sikkert vera eit poeng, særleg dersom ein skal ha gode karakterar. Men i dette tilfellet er det snakk om å unngå å stryke, altså å oppnå ein E eller betre. Bøkene på pensumlista må vera så gode at det er muleg å koma seg heilskinna igjennom, utan å ha slitt ned Blindern-korridorane.
Instituttleiinga på si side, hevdar at grunnskule og vidaregåande ikkje i stor nok grad førebur elevane på eit høgare matematikkstudium. Dette er ei oppfatning mange deler, og ting er no også i ferd med å skje på lågare nivå. Men universitetet må ikkje slå seg til ro med det. Her er det ikkje rom for å setja seg ned og vente på Djupedal, det er tid for tiltak.
Instituttet må ha eit aktivt fokus på sitt eige pensum og pedagogiske opplegg. For det første må det vera eit godt opplegg for dei som vel å følgje undervisninga. Når kontaktstudentar uttrykkjer frustrasjon over at oppgåvene som blir brukt, ikkje samsvarer med det som møter kandidatane på eksamensdagen, må det bli take til etterretning. Målet må vera å få så mange som muleg igjennom, ikkje å sile ut flest muleg.
Det er i det heile merkverdig at fagutvalet ikkje går meir kritisk ut i denne saka. For det er nettopp her alarmklokkene burde ringe aller høgast. Studentane sitt talerør mot instituttet burde vera dei første til å seia at ein ny kurs er påkravd. I staden vel dei å rette hovudskytsa mot studentane sine arbeidsvanar.
I tillegg til strukturen på undervisninga, må dei faglege krava opp til vurdering. Mykje kan tyde på at eksamenslista rett og slett er lagt for høgt. Dersom studentane manglar det påkravde kunnskapsgrunnlaget frå vidaregåande, må dei få lengre tid til å fordøye nytt stoff, enn det som er tilfelle i dag. Korleis eventuelle endringar skal skje, kan ikkje professorveldet bestemmer åleine. Gode studenttillitsvalte må få reell påverknad i prosessen.
At realfaga ligg høgare på strykstatistikken enn andre fag gjeld ikkje berre Universitetet i Oslo. Det er ein gjennomgåande trend for alle norske universitet. Men det gjer ikkje saka betre. Tvert om bør det vera ein ekstra pådrivar for at også universitetsleiinga tek grep, og rettar opp dei faglege ruska i systemet. Ingen er tent med at det år etter år blir levert eit vell av eksamensoppgåver som ikkje held mål. Instituttet tapar pengar, studentane kastar bort tid og samfunnet sløser med menneskelege ressursar.