
Kollektiv straff
Trass stortingsvedtak vil ikkje oslopolitikarar love full kollektivrabatt. Fasaden som studentby slår sprekkar.
Oslo kommune går stadig nye vegar for å sjarmere den studerande delen av folkesetnaden. Samferdslebyråden si lunkne innstilling til studentrabatt på kollektivtransport er det ferskaste dømet. Prisen på vanleg månadskort skal ned, men dei kommunale løyvingane for å sikre at studentrabatten blir førti prosent, også av ny pris, er usikre. Byrådet vel dermed å trasse Stortinget sin pålagte rabattsats.
Det kan også vera verd å merke seg at ein føresetnad for å få studentrabatt hjå Ruter, er at institusjonen som haustar finansieringa for dine studiepoeng må ligge i same området som selskapet trafikkerer, altså Oslo eller Akershus. Slike reglar har korkje Bergen, Trondheim, Tromsø eller Kristiansand. Her kan du med andre ord fritt hoppe av og på bussen ein månad eller to, utan at nokon spør kvar eksamensspøkelset ditt held hus. Men bussane er kanskje større andre stader i landet?
Transportsektoren er ikkje åleine om å vise storbymusklar i møte med studentar. Etter kvart har det vorte tradisjon å høyre Arbeidarpartiet sin evig håpefulle Rune Gerhardsen halvt lokke og halvt truge studentmassen til å endre bustadadresse i folkeregisteret, kvart fjerde år før lokalvalet. I 2007 understreka han at å melde flytting ville vera det mest riktige å gjera, og i 2004 la han vekt på at studentar måtte ta ansvar ved å engasjere seg i lokalvalet. Utspel som politikarar i ein mindre attraktiv studentby aldri ville kunne tillate seg.
Signalet frå oslopolitikarar er gong på gong at studentar ikkje er ei prioritert gruppe. Heller ikkje på den kulturpolitiske arenaen ser studentliv ut til å vera satsingsområde. Byråd for næring og kultur, Anette Wiig Bryn, viste liten velvilje i samband med Studentfestivalen i Oslo 2007, og gav blank avslag på søknad om økonomisk stønad. Den offisielle grunngjevinga var at programmet ikkje var breitt nok for byråden.
Gerhardsen har altså, arrogant og urbanistisk nok, eit poeng. Å ligge under for eit regime der ein sjølv ikkje har tilgang til den demokratiske valkanalen er faktisk problematisk. Problemet treng likevel ikkje vera så stort. Det er openbart at staten, Storting og regjering, må ta det meste av ansvaret for studentvelferd, noko som også er tilfellet i dag. Når Stortinget vedtek førti prosent studentrabatt er det ein naturleg konsekvens at kommunen følgjer det opp. Så la oss håpe at byråden vart take på senga, da han i førre veke ikkje kunne stadfeste overfor Universitas at dette vil skje.
At studentar ikkje betalar skatt til Oslo, kan ikkje vera ein grunn til å setja dei i bakre rekkje.
At studentar ikkje betalar skatt til Oslo, kan ikkje vera ein grunn til å setja dei i bakre rekkje eller «gløyme» dei på budsjettplass. Kommunen må sørgje for at Ruter innfører den påkravde rabattordninga, og slutte å gi studentar inntrykk av at dei kronisk er til bry. Snart startar nye søkerunder til høgare utdanning. Det er ikkje gitt at populariteten til Oslo berre skal gå ein veg.