Illustrasjon: Øivind Hovland

Kor er Kim?

Publisert Sist oppdatert

Leitar du godt nok i den norske studentmassen får du kanskje auge på Kim Orlin Kantardjiev, ny leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO) våren 2011. Men kor har han eigentleg vore dei siste månadane? Sett vekk ifrå litt vifting med ei hand eller ein fot ein gong i blant, er det framleis bemerkelsesverdig stille frå det som skal vere studentanes massive talerør.

Norske studentar studerer 34 timar og jobbar åtte timar i veka, syner ei SSB-undersøking lagt fram i førre veke. «Godt førebudd på arbeidslivet,» meiner minister Tora Aasland. «Dersom regjeringa har gitt opp heiltidsstudenten kan dei vere ærlege og seie det,» repliserer NSO-leiaren. Spenstig. Ikkje berre har andre sagt det før han, NSO aksepterer også at ministeren set premissa for debatten. NSO er bakpå nyhendebilete – igjen. Som Under Dusken-redaktør Anne Skalleberg Gjerde skreiv i kommentaren «Kunsten å vere fus» i september 2010, manglar NSO evna til å setje dagsordenen med sine saker. Om dei i det heile tatt har saker dei kan sette dagsordenen med.

Det er ikkje sikkert at Aksel Braanen Sterri, fjorårets leiar i Studentparlamentet ved Universitetet i Oslo, skal gå fram som idealeksempelet på ein studentleiar. Det burde likevel vere liten tvil om at han har gjort mykje riktig, og fått studentsak på dagsordenen langt utanfor Villa Eika og østblokkene på øvre Blindern. Det står det all mogleg respekt av. Spesielt når det ikkje er nokon andre som greier det. Eit anna eksempel er Rød ungdom, som ikkje har meir enn 600 medlemar i ryggen. Mellom anna på grunn av ein ekstremt dyktig leiar klarer ungdomspartiet å setje fokus på lekser, retusjering av reklame, nasjonale prøver, kollektivtransport, og så vidare. Dei klarer verkeleg å uttrykke: «Dette er ikkje greitt. Gjer noko med det.» Kvifor klarer ikkje NSO det same?

Med sine om lag 200 000 medlemer, alle oss studentane i Noreg, burde det vere mogleg å ha ei større og sterkare stemme i norsk offentlegheit. Som SV etter lokalvalet seier at det er på tide å gå saman og finne nye sakar, burde NSO starte og få på plass saker i det heile tatt. Det er mykje som angår studentane utover auka studiefinansiering eller fleire studentbustadar. Desse sakene er det NSO sitt ansvar å finne. Likevel har dei utsatt utforminga av blant anna utdanningspolitikk til 2013. Med mindre Kim tek det ansvaret han er gitt, kjem NSO til å fortsette med å gro fast i ei rolle som ein intetsigande byråkratisk pampeklubb utan merkverdig legitimitet blant andre enn seg sjølv.

«I dag verkar studentane sine øvste tillitsvalte meir opptatt av å slarve på twitter, enn å drive politikk.»

Antakelegvis kan Studentparlamenta i Oslo- og Akershus utan medlemskap i NSO gjere ein betre jobb for sine studentar, enn det NSO no er i stand til å greie. I dag verkar studentane sine øvste tillitsvalte meir opptatt av å slarve på twitter, enn å drive politikk. Dette er ein situasjon som ikkje gagnar nokon. Aller minst dei studentane NSO representerer. Det burde uroe både studentar og NSO-toppar. At organisasjonen spar seg ut av møkka, er «Kor er Kim» sitt ansvar.

Powered by Labrador CMS