Oljesmøring

Ein bør vere kritisk til forsking sponsa av næringslivet, og spesielt av oljeindustrien.

Publisert

Det er ikkje ei ny sak at næringslivet sponsar forsking. Og det er heller ikkje noko som er unaturleg. På trass av at hovuddelen av inntektene til UiO kjem frå basisfinansieringane over statsbudsjettet, kjem òg mykje frå næringslivet og eksterne aktørar. Til dømes var rundt 40 prosent av alle doktorgradsstipendiatar eksternt finansiert i 2007. Likevel bør det vere institusjonane og fagmiljøa som avgjer kva som trengs å forskast på, ikkje næringslivet. Forskinga er ikkje berre relevant dersom det er nokon som er interessert i å kjøpe kunnskapen.

UiO og StatoilHydro har 23 felles prosjekt pågåande, og i sommar har avtalar om store pengeoverføringar mellom StatoilHydro og to av dei største universiteta i Noreg vorte signert. Universitetet i Oslo vert sponsa med 20 millionar kroner, og Universitetet i Stavanger med 25 millionar kroner. Også NTNU i Trondheim har signert ein tilsvarande avtale med StatoilHydro, ein avtale til ein verdi av 90 millionar kroner. Stønaden til UiO er på fire millionar kvart år, og skal nyttast til eit professorat i geologi, og ei forskarstilling ved Institutt for informatikk. Føremålet med støtta er å forske på bore- og brønnteknologi.

Storleiken på dei statlege løyvingane til forsking har auka frå 1,32 milliardar kroner i 2001 til 2,95 milliardar i 2009, men likevel kan ein vanskeleg hevde at det er mogleg å trekkje dei eksterne finansieringane ut av budsjettrammene ved universiteta. Den statlege satsinga på forsking er framleis for knapp til at eit slikt alternativ har kunne vore reelt. Det er heller ikkje sikkert at ei slik utvikling ville ha vore ønskjeleg. Næringslivet har ein naturleg plass innan forsking, men det er uklart kva rolle dei eksterne aktørane skal spele.

Det som er klart, er at dei som donerer pengar til forsking ikkje kan ha noko med forvaltinga å gjere. Dersom banda til oppdragsgivarane vert for sterke, og ein til dømes let vere å publisere forskingsresultat som set ei bedrift i dårlig lys, misser ein viktig kritisk forsking. Dersom økonomisk motivert forsking skal råde, vil det i tillegg verte spesielt alvorlig for fagmiljø som ikkje har like mange kjelder til eksterne midlar som andre, som til dømes ein del humanistiske fag.

Avstanden mellom StatoilHydro og universiteta er noko i det kortaste laget.

Det er ein grunn til at Forskingsrådet har som oppgåve å fordele pengar mellom ulike forskingsprosjekt. Det skal ikkje vere for sterke føringar på korleis løyvingane vert nytta, sjølv om staten då sjølvsagt også skal kunne prioritere enkelte satsingsområde. Poenget er at avstanden mellom StatoilHydro og universiteta er noko i det kortaste laget.

Ein bør vere spesielt kritisk til midlar som kjem frå oljeindustrien, grunna dei enorme makt- og finansressursane som ligg i denne sektoren. Denne typen verksemd står i sterk kontrast til miljøaspektet. StatoilHydro var mellom anna ein av finalistane då Natur og Ungdom kåra Noregs miljøversting i sommar. Det kan synast som om StatoilHydro forsøker å igle seg inn i stadig fleire deler av samfunnslivet. Gjennom dei nyleg signerte akademia-avtalane, stipend til musikarar ved Musikkhøgskulen, prosjektet «Morgendagens helter», og gjennom å arrangere hendingar slik som Petroleumsdagen ved UiO. Men litt kudos skal dei ha, dette kan vere ein svært så effektiv måte å hysje ned oljekritiske røster. StatoilHydro viser kvifor det er så attraktivt å gå inn i oljebransjen, dei briskar med fjøra, og viser kvar pengane og makta ligg.

Powered by Labrador CMS