
Rapport for ypparleg undervisning
Med Stjernø-rapporten har spenningane mellom forsking og undervisning kome på dagsorden. Det var på høg tid.
«– Vi har lagt inn signaler om at undervisningen skal rammes.» I eit intervju i Klassekampen gir rektor Geir Ellingsrud klar melding om kvar han foretrekkjer å kutte, når behovet melder seg. Det er studentane som får lide. Studentparlamentsleiaren Heine Skipenes gjekk i november i fjor ut og sa at smertegrensa var nådd, og at forskinga måtte ta reisten av dei økonomiske lidingane. Likevel valte universitetsstyret å skjera ein skarp sparekniv over fleire studentretta tiltak, mellom anna fleksibel læring, universitetssatsinga på alternative former for læring, og Mangfold i Fokus i Akademia, MiFA, eit prosjekt som skulle auke rekrutteringa frå etniske minoritetar.
Stjernøutvalet sin nyleg framlagte rapport, NOU 2003: 3 «Sett under ett», kan koma til å endre dette makttilhøvet. I tråd med den økonomiske modellen som blir presentert der, vil det bli langt vanskelegare for universitetsleiinga å nytte studentane som fotsoldatar i kampen mot nedskjeringar. Utvalet føreslår å dele basisløyvingane for universitet og høgskolar, på den måten at ein del går til forsking og ein annan til undervisning. Ei slik ordning vil altså setja grenser for kor store kutt ein institusjon kan gjennomføre på undervisningssida.
Det er openbart at undervisning og forsking heng saman, og at ei utdanning får høgare kvalitet di betre oppdatert det vitskapelege grunnlaget er. Samstundes viser det seg at det pedagogiske ansvaret får langt mindre merksemd enn forskingsoppdraget. I forkant av Stjernø-rapporten, var universitetsrektoren ute i Aftenposten og signaliserte behovet for «store, tunge forskningsuniversiteter» i Noreg. Han understreka gong på gong eit ønskje om å hevde seg på den internasjonale forskingsfronten, men hadde lite krutt å koma med på utdanningssida.
Dei færraste kan eller vil sikte seg inn mot ei forskingskarriere.
Ellingsrud skal ha all ære for å kjempe for Universitetet i Oslo, og synleggjera dei behova ein så stor utdannings- og forskingsinstitusjon har. Men etter at studiepoenga er slukt, skal dei aller fleste av UiO-studentane ut i forvaltning, organisasjonar eller privat næringsliv. Dei færraste kan eller vil sikte seg inn mot ei forskingskarriere, og det må ein ta omsyn til ved utforminga av utdanningsopplegget. Pedagogikken treng større plass og ressursar enn det han får i dag, og heldigvis har Stjernø-utvalet satt fokus på dette.
Oppretting av «Sentre for fremragende undervisning», etter modell av «Sentre for fremragende forskning», er eit konkret framlegg frå utvalet, til korleis ein kan nå Kvalitetsreforma sine mål om tettare kontakt mellom tilsette og studentar. Rett nok har framlegget ein lang politisk og akademisk veg å gå, men poenget må likevel vera at
rapporten løftar fram dei forsømte satsingsområda.
Det ser ut til at studentrepresentantane i Stjernø-utvalet har gjort jobben sin. Rapporten har take utdanningsoppdraget på alvor, og unngått å gjera den forskingsorienterte spydspissvisjonen einerådande. Regjering og folkevalte blir utfordra til å ta større styring med det som enno er temmeleg store overføringar til forsking og høgare utdanning. Dei bør gripe sjansen.