Regjeringa under lupa
Den raud-grøne regjeringa har fått fornya tillit ved roret, men støtte frå sektoren kjem ikkje av seg sjølv.
– Kunnskap trumfar alt, sa statsminister Jens Stoltenberg i sin appell til Forskerforbundet 4. september. Og med sin embetseksamen i sosialøkonomi frå Universitetet i Oslo (UiO) er han eit levande eksempel på nettopp dette.
Det er mange fine ord om forsking, høgre utdanning og om kunnskapsnasjonen Noreg i politikarkretsar. Stoltenberg sitt utsegn kan faktisk få ein til å tru at dette verkeleg er eit prioriteringsområde for regjeringa. Men då Universitas 9. september vurderte innsatsen innan forsking og høgre utdanning dei fire siste åra, var det berre fem av ti punkt frå Soria Moria som var oppfylt. Ikkje noko særleg å skryte av, med andre ord.
Vi er no på veg inn i ei ny regjeringsperiode, og dei komande vekene skal det avgjerast kven som skal inneha ministerposten for forsking og høgre utdanning. Posten vart oppretta i 2007 etter at Øystein Djupedal måtte gå av som minister på grunn av sitt berykta «kvileskjær». Mandatet for Tora Aasland, som vart minister for forsking og høgare utdanning, var å plastre saman ein blødande sektor.
Aasland lova i førre veke at ein kan stole på at regjeringa skal halde det den lovar i den komande stortingsperioden. Men omrokkeringane i maktfordelinga mellom regjeringspartia etter valet og det høge talet på ministrar, som enkelte seier er på smertegrensa, kan ha alvorlege følgjer for sektoren. Enn så lenge veit ein verken kven som skal ha ministerposten for forsking og høgre utdanning, om den skal vere der i det heile, eller kva denne ministeren skal arbeide for.
Ein bør ha lært av erfaringane med «barnehageminister» Djupedal.
Forskerforbundet krev at regjeringa vidarefører dagens ordning med ein eigen minister for forsking og høgre utdanning. Dei har sjølvsagt rett. Ein bør ha lært av erfaringane ein hadde med «barnehageministeren» Djupedal, som hadde full barnehagedekning som ein av sine viktigaste saker. Det var då store forventingar å leve opp til både frå veljarar og frå opposisjonen, og forsking og høgre utdanning måtte lide. Derfor treng ein nokon som kan konsentrere seg om forsking og høgre utdanning – i tillegg til nokon som konsentrerar seg om barnehagane og grunnskulen.
Men å vidareføre ministerposten er ikkje nok i seg sjølv. Det er essensielt at Regjeringa kjem på banen også når det gjeld midlar til forsking og høgre utdanning. Tora Aasland får skryt frå sektoren for si evne til dialog og forståing. Det hjelp likevel lite når det er dei tidlegare UiO-studentane Jens Stoltenberg og Kristin Halvorsen som har det avgjerande ordet når pengane skal delast ut. Dei høgt utdanna i Finansdepartementet ser òg ut til å ha bestemt seg for at utdanning og forsking ikkje er så viktig, og snurpar igjen pengesekken. Det er som å skyte seg sjølv i foten.
Det er dei 220 000 studentane som sit rundt på lesesalane i det vidstrakte land som mest sannsynleg kjem til å drive statsadministrasjonen om nokre år. Som ferdig utdanna økonomar, samfunnsvitarar og juristar. For ikkje å snakke om lærarane og sjukepleiarane i offentleg sektor. Vil ein at Noreg skal ha eit fungerande statsapparat, må ein vere villig til å satse på det. Å satse på forsking og utdanning er ei investering i framtida, at ein skal kunne ha ei forvalting og eit næringsliv som for det første skal kunne ta vare på innbyggarane i landet, men som også skal kunne hevde seg internasjonalt.