Illustrasjon:Anders Nordmo Kvammen

Salig spetakkel

Lesesalsplassar i eksamenstida blir stadig vanskelegare å oppdrive. At universitetet lukkar auga for ein så viktig del av studiemiljøet er ikkje haldbart.

Publisert Sist oppdatert

Nok ein gong er eksamenstida her. Og nok ein gong møter studentar stengte lesesalar i den mest intensive perioden av semesteret. Lesesalane blir nytta til å avikle eksamenar, og medan dette skjer kan ikkje lokalet nyttast til andre føremål. Særleg på Det samfunnsvitskapelege (SV), Det humanistiske (HF) og Det juridiske fakultet (JUS) opplever studentane at problemet er påtrykkande, og det gjentek seg år etter år etter år.

Studentar er ikkje verna av ei arbeidsmiljølov, og kan ikkje vise til handfaste krav på lesesalplassar. Universitetet har likevel ei sørvisfråsegn, vedteke i 2001, der det er lista opp ei rekkje krav studenten skal kunne stille. Mellom anna er det rimeleg å forvente at universitetet «tilbyr muligheit for lesesalplass på bachelorgrad og fast lesesalplass på mastergrad/hovudfag og for studentar med funksjonshemning». I tillegg krev universitet av seg sjølv at det «tilrettelegger det fysiske arbeidsmiljøet best mulig for studenter i form av funksjonelt utstyr, møbler, undervisnings- og pauselokaler.»

Denne sørvisen har vi sett lite av, og så langt i vår har tendens gått i motsett retning. I staden for å utvise skjønn og spela på lag med omstreifande lesesalnomadar, sørgjer universitetet for at dei som ikkje kan vise til studierett på det fakultet dei til ei kvar tid oppheld seg i, blir kasta ut. Vakter patruljerer lesesalane på SV i eins ærend for å sikre at berre eigne studentar nyttar plassane. Tilhøyrer du til dømes jussen, blir du enkelt og greitt utvist. Slik forsvinn mulegheita for samarbeid på tvers av fakulteta, til å sikre eit tilfredsstillande studiemiljø i pressa periodar.

Studentane bør kanskje ikkje vera meir vrange enn andre folk, og litt fleksibilitet har aldri take livet av nokon. Om lesesalen er stengt, er det faktisk muleg å gå på biblioteket, dra til Deichmanske, setja seg på ein kafé eller rett og slett vende nasen heim mot hybelen. I vår overprivilegerte del av verda er det lett å miste gangsynet, og la seg blinde av bagatellar.

Studentar bør vera garantert eit minstemål av arbeidsmiljø.

Biblioteket som allereie er overfylt, ungar som skrik ustanseleg på alle kafear og den jævla hybelnaboen som aldri held fred, skal vi la liggje her. Det er eigentleg ikkje poenget. Studentar bør, som andre grupper, vera garantert eit minstemål av arbeidsmiljø. Korkje elevar eller arbeidstakarar får sporadiske meldingar om at «i dag er ditt eige ansvar å finne ein plass å jobbe. Og dersom bøkene dine ligg innelåst der dei vanlegvis ligg: Synd for deg.»

Universitetet i Oslo (UiO) må ta grep, og ikkje minst, ta seg råd. Både Norges teknisk- naturvitenskapelige universitet i Trondheim, Universitet i Tromsø og Handelshøyskolen BI i Oslo leiger eksterne lokale for all eksamensavvikling. Det kostar pengar, men viser seg å vera fullt muleg, om ein prioriterer det. Samstundes er det nok ikkje berre spørsmål om pengar, men også om ansvarsplassering. Til no har ei rekkje organ på UiO jobba halvvegs og halvhjarta med denne saka, i staden for å rydde opp ein gong for alle.

Mangel på lesesalplassar i eksamenstida er svikefullt mot dagens studentar og dårleg reklame med omsyn til rekruttering. Dessutan får UiO snart vitjing av det statlige kvalitetssikringsorganet NOKUT. Da kunne det vore greitt å vise til eit ålreit studiemiljø.

Powered by Labrador CMS