ILLUSTRASJON: Julius Vidarssønn Langhoff

Sirkus Nedkvitne

Ei mobbesak har alltid to sider. Det er på tide å ta eit internt oppgjer kring Nedkvitne-saka.

Publisert Sist oppdatert

I kvar ein norsk skulegard og arbeidsplass fyk det mange ufine ord gjennom lufta kvar einaste dag. Ord kan såre, men den verste forma for mobbing er kanskje det å bli fryst ut, og å alltid vere den som er åleine. Etter ei stund med utfrysning ynskjer ein ofte å seie frå. Det krev mot å gjere det, og av og til tek ein i bruk stygge ord for å kunne bli høyrt. Det kan imidlertid straffe seg.

Å vere fagleg sterk, er ikkje einstydande med å vere sosialt sterk. Det er tydeleg at Arnved Nedkvitne har hatt problem med dei sosiale kodane ved Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH). I 15 år utgjorde han eit problem ved instituttet. Etter at Nedkvitne hadde fått fleire åtvaring­ar, og latt vere å kome på møter, vedtok Universitetsstyret i februar i fjor å seie han opp. For å få jobben sin attende gjekk Nedkvitne til sak mot Universitetet i Oslo (UiO). Men kva er grunnen til utblåsningane hans, og kva har eigentleg blitt gjort for å løyse konflikta?

I løpet av forklaringane i Oslo tingrett i januar var det mange frå UiO si side som hadde ei høne å plukke med Nedkvitne. Dei følte seg krenka fordi dei hadde vorte kalla «antiintellektuell» og ein «vestkantklikk». Etter forklaringa venta det klapp på skuldra og klemmer frå kollegaer fordi dei hadde vore så tøffe å snakke om krenk­ingane.

På andre sida av salen sat Arnved Nedkvitne. Syndebukken. Åleine. Utan personleg støtte, utan jobb og med ein hard kollegial dom hengjande over seg.

Faktum er at denne saka aldri burde ha kome til rettslokala.

Når den likså harde rettsdomen kom nokre veker etterpå uttalte hovudvernsombod ved UiO Mette Børing til Universitas at «det er flott ein no har fått ei slik sak som dette.» Orda vert sagt berre kort tid etter at Nedkvitne har gått på eit nederlag, og ser jobben sin forsvinne i det fjerne. Kva positivt Børing kan sjå i ei slik sak, er vanskeleg å sjå. Faktum er at denne saka aldri burde ha kome til rettslokala. Den burde løysast lenge før den kom dit, og det er det mellom anna hovudvernsombodet sin jobb å få til.

At Børing, som også var Nedkvitnes hovudvernombod, i si elles så krasse rettsforklaring seier at ho ved fleire anledningar unngjekk å ta opp problema med Nedkvitne, gjer ikkje saka mindre underleg. Ho forklarte at ho hadde opparbeida ei frykt for trakassering frå Nedkvitne. Men dette har ho gjort utan nokon sinne å ha vore i dialog med han. Kva ho frykter er eit mysterium. Nedkvitne si framtoning gjer ingen grunn til frykt, heller ikkje hans ufarlege karakteristikkar, som ein vanlegvis ikkje plar bryr seg om, så lenge dei ikkje er sanne. For det er dei vel ikkje?

Også i etterkant av dommen syt hans tidlegare kollegaer for å vise avsky mot Nedkvitne, ved å melde seg ut av Forskarforbundet i protest mot forbundets støtte til ei ankesak for Nedkvitne. Slike handlingar vekker undring. Ville ikkje dei også ønska det om dei var i hans situasjon? Og er dei ikkje interessert i ein dom som tek omsyn til dei prinsipielle spørsmåla kring akademisk fridom? Handlingane deira er ukollegiale og lite medmenneskelege.

«Me må lære oss korleis me snakkar med kvarandre og omgås der det er fagleg usemje.» Dette utsegnet som også kom frå Børing dager etter domavgjersla, er det lettare å vere einig i. Nedkvitne har no fått sin lærepenge og angrar. No er det på tide at også den andre parten tek eit oppgjer med seg sjølv og denne saka. Er orda som Nedkvitne har nytta mot ei stor gruppe vaksne professorer ei verre form for mobbing enn den utfrysinga desse professorane har utført mot Nedkvitne?

Nedkvitne-sirkuset vil vare lenge, og sjølv om Nedkvitne kan forsvinne, vil problema verta verande.

Powered by Labrador CMS