

Andsvar for språket
Ex.phil-studentar skal kunna møta eige språk ved universitetet, meiner kronikøren.
Nynorsk skriftspråk er nesten fråverande i pensum ved Universitetet i Oslo (UiO). Ein god start på betringens veg hadde vore å gje studentane tilgang på nynorskutgåver av pensum til ex.phil.
Våren 2006 mottok Universitetsstyret innstillinga Snart to hundre – Universitetet i Oslo og språket i internasjonaliseringens tidsalder. Her gjer utvalet som stod bak framlegg om at universitetsstyret vedtek det overordna prinsippet at «norsk er hovudspråk ved UiO, og at universitetet har eit ansvar for å ivareta og utvikle norsk som fagspråk.» Dette er ei god og viktig innstilling. Som nasjonal kulturberar har universitetet eit slikt andsvar. Eg reknar med at det nynorske fagspråket er ein sjølvsagd del av dette.
I framkant av denne innstillinga vedtok Studentparlamentet dokumentet Språk i akademia. Her skriv dei «Det må samtidig produseres terminologilister med ekvivalenter på bokmål, nynorsk og engelsk.» Dette er eit viktig tiltak som bør setjast i verk. Det vil vera til stor hjelp for alle studentar, anten dei helst held seg til nynorsk eller bokmål. Men ordlistene bør òg supplerast av pensumlitteratur på både nynorsk og bokmål. Ordlister åleine er ikkje nok for eit språk.
I verdssamanheng er ikkje nynorsk eit lite språk.
I verdssamanheng er ikkje nynorsk eit lite språk. Nynorsk har to til tre gonger so mange brukarar som islandsk og minst ti gonger so mange som færøysk. Dei fleste språk har langt færre brukarar enn vårt. Likevel har me som brukar språket nokre serlege problem som kjem av at nynorsken på mange måtar står i skuggen av bokmålet. Mange reknar det som lite tenleg å produsera alt mogleg på både nynorsk og bokmål. Det kan i og for seg vera ein logikk i dette, men det er synd at det alltid går ut over nynorskbrukarane.
Nokre spør seg: Dersom nynorsk ikkje kan overleva av seg sjølv, kvifor skal språket få leva på statleg draghjelp? Problemet med spørsmålet er at det ser vekk frå maktstrukturane som stør opp under bokmålet. For vel hundre år sidan var det ikkje noko skilje mellom bokmål og dansk. Det var eitt språk, sjølv om nokre nordmenn kunne finna på å bruka eitt og anna sernorsk ord i sine tekstar. Bøker utgjevne i København i dansk utgåve, kunne seljast i norske butikkar som den mest sjølvsagde ting.
Men viljen til å ha eit eige språk voks, og språksamfunnet reiv seg laus frå det danske. Gjennom kunstig og reell separasjon kunne språka dyrka kvar si utvikingsline. To statar kunne stø opp under kvar sine språk. Separasjon av nynorskbrukarar og bokmålsbrukarar er det neppe nokon som ynskjer. Korleis kan nynorsk då få lov til å veksa som språk? Jau, ved at dei felles, nasjonale institusjonane òg tek andsvar for å bruka og utvikla nynorsken.
Kravet om at ex.phil-studentar skal kunna møta eige språk er eit krav om at universitetet, som er felles for nynorsk- og bokmålsbrukarar, skal ta eit slikt andsvar. For å meistra eit språk må ein kunna lesa det jamnleg og helst på alle samfunnsområde.
Tidlegare stod studentane friare til sjølve å velja pensumlitteraturen til ex.phil. Det er nok på mange måtar bra at pensum vart standardisert. Men det tok frå studentane høvet til å velja nynorskspråkleg litteratur der denne fanst, som til dømes filosofihistoria til Skirbekk og Gilje.
På pensum i ex.phil i Oslo er det no 50 sider på nynorsk og 640 på bokmål. Alt kommentarstoff er på bokmål. Dersom pensumlitteraturen på ex.phil kjem i nynorsk utgåve, eller i det minste med vesentlege innslag av nynorske tekstar, vil dette vera umåteleg viktig for den språklege sjølvkjensla til nynorskbrukande studentar.
Ex.phil er ekstra viktig. Det er det klårt største faget ved universitetet, og kurset er det fyrste møtet dei fleste har med den akademiske verda. Meistring av eit norsk akademisk språk er noko ein i stor og aukande grad må læra seg på ex.phil, all den tid resten av utdanningssystemet nyttar meir og meir engelsk. Nynorsk i pensum her vil visa for unge nynorskbrukarar at nynorsk er eit fullgodt språk i akademisk samanheng. Ex.phil bør skapa eit solid grunnlag når det gjeld å formulera seg akademisk, både på nynorsk og bokmål.