Den gode læraren
For å kunne lære frå seg på ein god måte, må lærarar ha kompetanse både i nynorsk og bokmål, meiner kronikkforfattaren.
Lærarar som ikkje meistrar nynorsk gjer faget vanskelegare enn det treng å vere.
I Universitas onsdag 20. januar vart eg, saman med Asbjørn Bråthen, intervjua i saka om for dårleg nynorskopplæring på lektorprogrammet. I miljøet i og rundt lærarutdanninga, snakkar vi naturleg nok ein del om kva og kven «den gode læraren er». Dette gjeld spesielt i det ein kan kalle den formelle delen, altså i førelesingar og seminargrupper i dei pedagogiske og didaktiske faga. Men òg i meir uformelle settingar i kantina og når vi møtas i dei ulike studentutvala. For å skildre den gode læraren, er det mange eigenskapar som vert trekt fram i ulike samanhengar. Kvalitetar som vert framheva ofte, og som eg vil trekkje fram her, er at ein lærar må vere både fagleg dyktig og god til å formidle, engasjert og engasjerande. Dette gjeld på tvers av fag, i nynorsk så vel som samfunnsfag, matte eller religion. Og det er ofte to sider av same sak. Eit fag ein meistrar vil vere lettare å vere engasjert i og skape engasjement rundt, enn eit fag ein kjenner seg utrygg i sjølv.
Øving gjer meister, som vi veit. Og for at vi som er studentar og framtidige norsklærarar skal bli dyktige i faget vårt, må vi øve på det. Vi må øve på å skrive og lese tekstar i faget nynorsk, akkurat som i samfunnsfag, matte eller religion. No kan det sjølvsagt argumenterast for at det gjeld for den andre delen av norskfaget også, nemlig at det er like viktig å sørgje for god kompetanse i bokmål. Men eg går ikkje nærare inn på det feltet her, av den grunn at eg meiner dei fleste som meistrar nynorsk også meistrar bokmål fordi vi får dette inn gjennom media og studielitteratur. Det som fins av nynorsk i dag, for lektorprogramstudentar som tek 60 eller 80 studiepoeng i Nordisk, er delar av faget norsk grammatikk (10 studiepoeng), og delar av eitt litteraturfag (20 studiepoeng). Det er krav om å skrive om lag halvparten av ei semesteroppgåve og ein eksamen på nynorsk i norsk grammatikk, og i litteraturfaget skal vi lese nokre tekstar på nynorsk. Men samtidig er det aller meste av studielitteraturen på bokmål. Det er altså få sjansar til å øve seg i nynorsk.
Det er alt for mange lærarar i norsk skule i dag som ikkje er dyktige lærarar i nynorsk. Mange av lærarane som ikkje meistrar faget, lærer det bort på ein måte som gjer nynorsk vanskelegare enn det treng å vere. Og det gir elevane eit dårleg inntrykk og stor frustrasjon kring faget. Det vil seie at mange av studentane som kjem inn på lektorprogrammet med sikte på å verte norsklærarar har med seg dårlige opplevingar med nynorsk frå eigen skulegang. Dei går ut av universitetet som norsklærarar (nokre faktisk som lektor i nordisk) utan god kompetanse i nynorsk, og evnar ikkje å gi sine elevar gode opplevingar med nynorsk. Nokre av desse elevane skal bli den neste generasjonen med lærarar, og det blir den same leksa om att. Denne negative haldninga til nynorsk blir vi ikkje kvitt dersom det ikkje blir satsa aktivt på nynorsk i utdanninga av nye norsklærarar. Nynorsk treng ikkje å vere knotete og vanskeleg. Det kan derimot vere ein måte å utvide ordforrådet sitt på, og gjere språket rikare. Det kan vere eit poetisk språk, det kan vere eit formelt språk, og det kan vere eit kvardagsleg språk. Det kan, tru det eller ei, vere eit artig språk å bruke.
Mange meiner at nynorskopplæringa burde vere frivillig i norsk skule. Men slik det er i dag er nynorsk ein obligatorisk del av norskopplæringa i norsk skule, noko elevane skal ha eksamen i. Dei som utdannar lærarar har ansvar for å gi ei utdanning som i størst mogleg grad førebur studentane på yrkeslivet, og må derfor vere realistiske med tanke på kva vi faktisk møter i kvardagen som norsklærarar. Det er sjølvsagt fritt fram å skrive oppgåvene sine på universitetet på nynorsk dersom ein vil det. Og ein kan seie at lærarstudentar som kjenner seg utrygge i nynorsk burde gjere det oftare. Det er neppe nok med ei forsiktig oppmoding til studentane her, men eg prøver meg likevel: her kjem to enkle tips for å gjere det meir til ein vane og nytte nynorsk i kvardagen. 1) Du kan til dømes gjere om språket på Facebook-profilen din til nynorsk, og 2) du kan sjå meir på NRK2. Fakulteta som samarbeider om lærarutdanninga (Det utdanningsvitskaplege- og Det humanistiske fakultet) må også på banen. Difor vil eg utfordre fakulteta til å snakke saman og finne løysingar på korleis ein kan innføre meir obligatorisk nynorsk for lektorstudentane som tek 80- eller 60-gruppe i nordisk.
Mari Bjørnsdotter Vinjar, lektorstudent og styremedlem Lektorprogrammets Programutvalg ved Universitetet i Oslo