Internasjonalisering – meir enn utveksling

Håvard B. Øvregård er internasjonalt ansvarlig i Studentparlamentet og tar i denne kronikken et oppgjør med Universitetets vilje til å satse på internasjonalisering.

Ein venn av meg i eit land i Sør-Europa ønskte å studere i utlandet og ville prøve Noreg. Han kontakta det nasjonale informasjonskontoret for studiar i utlandet og sa han ynskte å studere i Noreg. Svaret han fekk var følgjande; «Noreg er så vanskeleg, vil ikkje du heller prøve Sverige, Finland eller Danmark?»

Universitetet i Oslo burde, som største høgre utdanningsinstitusjon i Noreg, ta kommentarar som dette svært alvorleg. På dei fleste statistikkar om internasjonalisering er Noreg langt bak det forventa, og studentar ved UiO føler ikkje at dei har ein internasjonal studiekontekst.

Det viktigaste argumentet for støre internasjonalisering er kravet om høg studiekvalitet. Studentar ved UiO skal kunne forvente at læringsmål, undervisning og evaluering sikrar at ei utdanning frå UiO har verdi internasjonalt. Fleire og fleire av oss som er studentar vil kome til å ha arbeid utanfor Noreg sine grenser, og innanfor Noreg sine grenser vert det meir og meir naudsynt å kunne arbeide i eit internasjonalt miljø, anten ein er tilsett i eit multinasjonalt selskap, har utanlandske kundar, eller utanlandske medarbeidarar. Den utdanninga vi får i dag skal gje oss eit grunnlag for å bruke tileigna kunnskap i ein internasjonal kontekst, og då må læringskonteksten også vere internasjonal.

Diverre er internasjonalisering i norsk høgare utdanning ofte synonymt med utveksling, med trykk på første stavinga. Ein har stor semje om kor viktig det er å tilby studentar å ta utdanning i utlandet. Diverre har dette mykje mindre effekt på læringskvaliteten til dei som studerer i Noreg enn effekten det har å få fleire utanlandske studentar inn til Noreg. Utanlandske studentar i Noreg vil automatisk vere med å gje høgre utdanning i Noreg eit større internasjonalt perspektiv. Diverre er ikkje denne potensielle verdien forstått i størstedelen av norsk akademia, inkludert UiO.

Noreg har vore internasjonalt orientert i over hundre år. Ein har hatt ei norsk handelsflåte som har vore mellom dei største i verda, tusenvis av nordmenn har kome tilbake med mykje kunnskap om resten av verda. Norsk misjonsarbeid har medverka til inngåande kunnskapar om geografi og livsvilkår i Sør. Norske organisasjonar og andre instansar har vore aktive aktørar på den globale arenaen, vi har delteke med den første generalsekretæren i FN, humanitærarbeid i alle verdsdelar, fredsinitiativ i Midt-Austen, Guatemala, Sri Lanka, «you name it».

Vi har vore flinke å reise ut, men vi har ikkje vore flinke til å ta imot. Det er som om Noreg har to prinsipp for sitt tilhøve til resten av verda; «Alle er like mykje verdt» og «Det er typisk norsk å vere god». Slår ein desse to i hop blir resultatet eit bolverk mot verdsetjing av kompetanse utanfrå. Ein kan berre sjå på dei siste 20 åra med norsk toleranse-, rasisme-, innvandrings-, og framandfrykt-debatt. Det er nok ikkje utan grunn at det heiter «exchange» på engelsk og «utveksling» på norsk. Det gjensidige har forsvunne i det norske ordet.

I 1999-00 studerte om lag 14 500 norske studentar i utlandet, til samanlikning var det i 1998 i underkant av 4000 utanlandske studentar ved norske universitet og vitskaplege høgskular. I Stortingsmelding 27 stiller ein eit

krav at studentar skal kunne ta utdanning i utlandet, samstundes vil ein stimulere til fleire utanlandske studentar i Noreg. Dette er eit uttrykk for manglande forståing av kva som trengst for å sikre ei internasjonalt konkurransedyktig høgare utdanning i Noreg.

Å seie at ein ikkje har råd til internasjonalisering er det same som å seie at ein ikkje har råd til kvalitet.

Vi krev at ein har krav på ein internasjonal læringskontekst når ein studerer på Noregs største universitet. Vi vil at utanlandske medstudentar skal vere like sjølvsagt som internasjonalt kvalifiserte professorar. Vi vil ha konkrete tiltak på alle institutt. Og vi vil ikkje høyre at ein ikkje har råd til internasjonalisering. Å seie at ein ikkje har råd til internasjonalisering er det same som å seie at ein ikkje har råd til kvalitet. Mi personlege meining er at då kunne ein like godt legge ned drifta.

Powered by Labrador CMS