
Sett studenten i sentrum
Ein må endre høgare utdanning i Europa frå å handle om lærarens perspektiv til å handle om korleis studentane opplever utdanninga, skriv kronikkforfattaren.

Medan norske studentar er inne i sluttspurten før dei siste eksamenane i 2008, har den europeiske studentrørsla møttes i Bulgaria for å diskutere framtida til europeisk høgare utdanning. Norsk Studentunion (NSU) og Studentenes Landsforbund (StL) var blant dei som i den siste helga i november bidrog til å vedta europeiske studentars mål for høgare utdanning dei neste åra.
Dei europeiske diskusjonane minner om dei norske, i den forstand at underfinansiering av høgskular og universitet er det kanskje største trugsmålet mot eit godt undervisningstilbod for både norske og europeiske studentar. Men eit av dei meir utdanningskulturelle problema er at høgare utdanning i Europa enno er altfor opptatt av kva forelesaren skal gjere, og for lite opptatt av kva studenten sit att med når utdanninga hennar er ferdig. Det som på godt nynorsk heiter «student-centered learning» er enno eit omgrep som er forstått av berre eit mindretal av utdanningsinstitusjonar i Europa.
Vi treng effektive mekanismar for å støtte og kurse både akademisk tilsette og studentar i å innføre og forstå både European Credit Transfer System (ECTS) og dei nasjonale og europeiske kvalifikasjonsrammeverka som skal gjere europeiske universitet og høgskular i stand til å samanlikne studiepoeng og læringsutbytte på tvers av institusjons- og landegrenser. I tillegg melder mange av European Students’ Unions medlemmer frå om at den normerte arbeidsmengda knytta til eit semesters studium kan vere særs forskjellig frå fag til fag og land til land. Mange stader har studieprogram blitt korta ned frå fire-fem til tre år, men utan at arbeidsmengda har minska. Dette gjer det nesten uråd å fullføre studiet på normert tid og samtidig ha tid til å fordjupe seg i studiet.
Utdanningsinstitusjonar må forplikte seg til å innføre ECTS-systemet korrekt, og til å komme med gode definisjonar av læringsutbytte og realistiske vurderingar av arbeidsmengda som ligg bak talet på studiepoeng. Studieprogram bør ikkje vere godkjent dersom ikkje læringsutbytta er formulert presist, det vil seie at det fins klare mål på kva ein skal sitte att med når ein er ferdig med utdanninga.
Det er ikkje lett å endre vektlegginga frå å handle om lærarens perspektiv til å handle om korleis studentane opplever utdanninga. Men sjølv om forelesarar kan ha lyst til å gå i dialog med studentane sine om korleis sistnemnte kan få meir ut av faget, møter dei hindringar. Verdsetjing av forsking heller enn forbetring av undervisning kan vere eit problem for dei forelesarane som ønskjer å utvikle læringsmetodar heller enn å berre grave seg ned i forskingsprosjekta sine. Ein fersk rapport frå Storbritannias Higher Education Academy seier at britiske akademikarar har ei kjensle av at det ikkje lønner seg å spesialisere seg på å forelese og lære bort. Det er forsking som lønner seg når det er snakk om opprykk på den akademiske karrierestigen. Både for rekrutteringa av nye forskarar og for utdannings skuld i seg sjølv, er det særs viktig at studentar får ta del i forskinga som skjer og får sjansen til å forstå korleis forsking påverkar utdanning. Etter innspel frå mellom andre NSU og StL vil European Students’ Union i 2009 arrangere eit seminar om samanhengen mellom forsking og undervisning. Forsking er særs viktig for utviklinga av både utdanningsinstitusjonane, studentane og samfunnet, men studentar får i dag altfor få sjansar til å møte forsking på forelesingar og på andre arenaer.
Prosessane som skal gjere europeisk høgare utdanning betre, går sakte og usikkert framover.
Prosessane som skal gjere europeisk høgare utdanning betre, går sakte og usikkert framover. Det beste vi som studentar kan gjere er å seie frå både om kva som fungerer og kva som er gale. Sjølv om tibakemeldingane våre ikkje alltid gir resultat med ein gong, kjem det alltid nye studentar som ser både gamle og nye feil ved utdanningane. Så lenge vi seier frå i staden for å halde kjeft, er det håp. Lukke til på eksamen, og god ferie.