
Universitetsdinosaurane
Kompetansehevinga i høgskulesektoren er ein føresetnad for at Noreg skal vere ein kunnskapsnasjon av rang, meiner kronikkforfattaren.
I førre nummer av Universitas uttrykkjer Per Anders Langerød frå Norsk Studentunion (NSU) og Geir Ellingsrud frå Universitetet i Oslo (UiO) uro for universitets-boom og forskingsfragmentering i Noreg. Men kva er dei eigentleg redde for?
Meir og betre forsking ved utdanningsinstitusjonane gir betre kvalitet på utdanninga. Studentane har krav på forskingsbasert undervising uansett om dei går på ein høgskule, vitskapleg høgskule eller eit universitet.
Steinar Stjernø leier eit utval som over nyttår legg fram visjonane sine for norsk høgare utdanning. Han seier delvis spøkefullt at eit fagmiljø må tåle ei skilsmisse og ei bilulukke for at ein skal kunne kalle det stabilt. Kunnskapsdepartementets forskrifter set høge krav til universitetstittelen. Studentenes Landsforbund (StL) er heilt samde i at ei satsing på for mange små forskingsmiljø er uheldig. Men i statsbudsjettet for 2008 får universiteta og dei vitskaplege høgskulane nesten ti gonger så mykje midlar til forsking som høgskulane. Frykta for spreiing av forskingsmidlar verkar mest som ein demonstrativ ryggmarksrefleks frå universitetsdinosaurane Langerød og Ellingsrud.
Fordeling av midlar er éin ting, men kategori- og namnespørsmålet er for nokre den mest interessante diskusjonen. Kva er eit universitet? I 2001 sa magekjensla til Stortinget at fire doktorgrader er ein fin definisjon. I Europa er det meir vanleg med éin doktorgrad for å kvalifisere til denne gjeve tittelen.
Noreg har i dag sju høgare utdanningsinstitusjonar som kallar seg universitet. Høgskulane i Bodø, Telemark og truleg fleire stader vil søke i løpet av dei neste åra. Det er greitt, så lenge oppbygginga av master- og doktorgradsprogram ikkje går utover kvaliteten på bachelorutdanningane, og så lenge fagmiljøa er stabile og gode.
Høgskulane har vore gjennom ei rivande utvikling sia høgskulereforma i 1994. Talet på vitskapeleg tilsette med doktorgrad har gått frå 9 prosent i 1995 til 17 prosent i 2005. Dette kjem både fagmiljøa og ikkje minst studentane til gode. Dei som følgjer eit doktorgradslaup ved dei statlege høgskulane (talet inkluderer dei som i dag er universiteta i Stavanger og Agder) er minst like nøgde med kvaliteten på graden som dei som føljer eit doktorgradslaup ved universiteta. Det seier NIFU STEP-rapporten «Tolv år etter høgskolereformen» frå 2006.
Framhald av kompetansehevinga i høgskulesektoren er ein føresetnad for at Noreg skal vere ein kunnskapsnasjon av rang. At rektoren ved Universitetet i Oslo er redd på vegner av dei tradisjonelle fagmiljøa ved sin eigen institusjon er ikkje så rart. At dei sokalla gamle universiteta er redde for å miste noverande og framtidige forskarar til nye, dynamiske miljø er lett å forstå.
StL har sia vi vart oppretta i 1996 kjempa for kompetanseheving på høgskulane og det som etter kvart har blitt kalla dei nye universiteta. Vi er glade for utviklinga vi har sett dei siste ti åra, og ser fram til debatten som vonleg kjem både før og etter Stjernø-utvalet har lagt fram si innstilling.

I dag er det vesle som er av offentleg debatt om forskingsfragmentering på eit synsenivå, inkludert synspunkta som kjem frå NSU og UiO i førre utgåva av Universitas. Langerød har rett i at diskusjonane vi har i dag kan vere fordummande, men det er ikkje berre på grunn av «regionalpolitiske motiv.»
Diskusjonen må først og fremst handle om innhald, ikkje institusjonsnamn.
Diskusjonen må først og fremst handle om innhald, ikkje institusjonsnamn. Som Shakespeares Julie sa til Romeo:
«What’s in a name? That which we call a rose.
Would by any other name smell as sweet.»
Medan kompetansehevinga på høgskulane og dei nye universiteta er den nye vinen i utdanningsnoreg, smakar den gamle universitetskonservatismen på Blindern meir som bitter eddik.