Flytting av NVH – nokre synspunkt frå Ås
Norges veterinærhøgskole (NVH) skal etter planen flyttast til Ås og fusjonerast med Universitetet for miljø- og biovitenskap (UMB). Sett frå innsida av Ås-miljøet (jord og geologi), framstår mykje av argumentasjonen som noko fjern frå dei daglegdagse realitetane ved UMB.
For det fyrste er ikkje UMB ein landbrukshøgskule lenger, og det er såleis ikkje eit reint landbruksfagleg miljø NVH skal flyttast til. Difor er det også høgst usikkert om flyttinga vil styrkja kvaliteten på den landbruksrelaterte utdanninga her i landet. Tvert imot har utviklinga ved UMB lenge gått i retning av å opprioritera andre fag enn dei som direkte har med landbruk å gjera, fordi det er venta at her ligg den største arbeidsmarknaden for kandidatane.
Det er heller ikkje spesielt tett med produksjonsdyr (sauer, kyr o.l.) i Ås-området. Argumentet om å koma «ut på landet», og dermed underforstått ut til produksjonsdyra, vert difor ganske tvilsamt. Heller ikkje handlar veterinærfaget i dag mest om produksjonsdyr, men like mykje om kjæledyr, og dei finst det langt fleire av i Oslo.
Ein annan ting er at Ås-området vil verta mindre «på landet» når veterinærane slær seg ned her. Med fleire hundre nye arbeidsplassar i tillegg til nye bygningar for veterinærfaga, er det liten tvil om at det vil medføra eit press i retning av folkefortetting og urbanisering av Ås. Med berre 30 minutter køyreveg til Oslo, har kommunen allereie i dag eit visst forstadspreg. Me snakkar her mellom anna om ei tiltakande nedbygging av fyrsteklasses matjord.
Viktigast, slik eg ser det, er det likevel å lytta til veterinærane sitt eige ynskje. Når dei fører i marka ei rad gode argument for at dei ikkje ynskjer flytting, er dette noko ein i høg grad burde lytta til, også i Storting og regjering.
Framfor alt er det tydeleg at veterinærane fryktar for svakare fagleg nivå på si utdanning og sitt fagmiljø. For dei som er avhengig av veterinærane sine tenester rundt om i landet, herunder husdyrbøndene, burde dette oppta langt meir.