Ei oppfordring om å skrive nynorsk

Publisert

Lektorstudent Mari Bjørnsdotter Vinjar meiner at ein god norsklærar bør ha kompetanse i både nynorsk og bokmål (Universitas 3. februar), og ingen kan vel vere usamd i det. Ho meiner også at dei formelle krava til dokumentasjon av praktisk dugleik i begge dei norske målformene er for svake i den lektorutdanninga som Universitetet i Oslo (UiO) gir i dag, og det er i alle fall eg også samd i. Problemet er berre det at med den store valfridomen som ein no har innafor lektorprogrammet, er det vanskeleg å få til ei ordning der omsynet til at studentane blir prøvde i begge målformene, blir ivareteke på ein tilfredsstillande måte.

Derimot er det fullt mogleg for studentar som er interesserte i det, å ta emne som bør vere relevante for skolen og der størsteparten av kurslitteraturen er på nynorsk. Dei emna eg siktar til, er NOR1106 – Norrønt, indre språkhistorie og språknormering og NOR1107 – Sosiolingvistikk, talemålsvariasjon og språkkontakt i Noreg. Begge desse emna er nyutvikla dei siste par åra, og begge bør vere svært godt eigna for lærarstudentar, ettersom dei til saman dekkjer viktige tradisjonsdisiplinar innanfor norskfaget. Det gjeld særleg NOR1106 og ein del av NOR1107 og dessutan nyare fagdisiplinar, som til dømes språkkontakt som inngår i NOR1107.

– Av dei som går opp til eksamen vel dei aller fleste å skrive bokmål, endå pensum i hovudsak er på nynorsk.

Trass i at desse emna altså bør høve godt for framtidige norsklærarar, er det førebels utruleg få studentar som tek dei, og av dei som går opp til eksamen, vel dei aller fleste å skrive bokmål, endå pensum som nemnt i hovudsak er på nynorsk. Eg vil derfor nytte dette høvet til å reklamere litt for desse emna og oppmode studentar som vel dei til å skrive nynorsk til eksamen.

Powered by Labrador CMS