Pengane eller livet (og visdomen)

Publisert

Til oppslaget i Universitas, nr 19, 23. August: «Filosofihistorien gjentar seg» vil eg føya nokre merknader:

Eg vart intervjua av journalisten i høve denne saka, men det eg sa fall nok ikkje i god jord, og kom ikkje med. Og det kan nok ha samanheng med at heile idéen med oppslaget ikkje fall i god jord hos meg heller: For ein kunne undra seg om ikkje dette må vera sluttproduktet av dei haldningane til kunnskap som har vorte framelska opp gjennom det no så sterkt kritiserte norske skulesystemet:

Veit journalisten kva som skil dette frå ei Koran- eller Bibelskule, der lærebøkene kan seljast vidare som bruktbøker til evig tid?

Så, ein skulle verkeleg la vera å retta opp dei dårlege sidene ved lærebøker når ein oppdagar desse, berre for at at studentane skulle kunne selja desse lærebøkene vidare? At ein student skulle ha som mål å studera det som berre er halvgodt, såfremt det er billig? Veit ikkje journalisten at Universitetet i Oslo er eit universitet? Veit journalisten kva som skil dette frå ei Koran- eller Bibelskule, der lærebøkene kan seljast vidare som bruktbøker til evig tid? Har journalisten høyrt om noko som heiter kvalitetsreforma? Og trur journalisten at det i det hele teke er mogeleg for fagpersonar ved eit universitet å tilrå bruk av anna undervisingsmateriale enn det som desse fagpersonane meiner er best??? Kva slag forskning skulle koma ut av dei haldningane som journalisten målber? Kor lenge ville slike haldingar ha overlevd i Finland, til dømes?

Jau, sjølvsagt veit vi at vi må tilpassa desse ideala til praktiske realitetar. Sjølvsagt veit vi at studentar har dårleg økonomi. Men nett difor har vi sørga for å laga desse lærebøkene så billige. I kva anna 10 studiepoeng-emne kan ein klara seg med 600 kroner, dvs prisen for eit par rockekonsertar, for å kjøpe dei siste pensumbøkene?

Kva med lærarbokmonopolet her i Oslo? Ein skulle tru at marknadsliberalistisk konkurranse ville pressa prisane ned? Verda er ikkje så enkel. I dette tilfellet er det for det første ikkje slik at monopolet gjeld alle bøkene. Dei to bøkene med originaltekstar kan kva for eit forlag sjølv samla saman og utgje. At ingen så langt har prøvd på dette, kan skuldast at dei ikkje ser seg i stand til å konkurrera med den non-profitt-lina som våre utgjevingar følgjer. Når det gjeld den eine reine læreboka, så er ho skriven av (for det meste) tilsette ved UiO, som har fått eit einggongshonorar for dette. Korleis skal forlag som gjev royalities til forfattarane per solgt bok kunne konkurrera med dét? Vi hadde før ein fri marknad når det gjaldt exphil-bøker i Oslo, men vi måtte óg gje studentane ein kvalitretsgaranti ved å gå gjennom alle desse konkurrerande bøkene, og seia frå om dei var dekkjande for pensum, og om dei var gode nok. Til dette måtte vi bruka mange ressursar ved å nedsetja komitéar og styra med sakshandsaming. Idag brukar vi desse ressursane til å gjera bøkene stadig betre. Studie- og forskningsansvarleg ved Studentparlamentet, Thomas André Syvertsen har mirakuløst kome seg gjennom det norske skulesystemet utan mein, slik at han har skjøna dette. Men han har neppe framføre seg ei lysande tabloidframtid i Akersgata.

Så vi kan lova at det kjem stadig nye utgåver av pensumbøkene. Slik vi kan lova at vi vil halda fram med å krevja av studentane, når dei leverer inn førsteutkast av semesteroppgåvene sine, at dei lagar nye utgåver av desse, utgåver som gjer seg fortente til betre karakterar.

Powered by Labrador CMS