Pensum på nynorsk

Publisert

Eg leita langt om lenge etter pensumbøker til utdanninga mi, som er bachelor i estetikk, på moderspråket nynorsk. Sjølvsagt var det forgjeves. «Du skulle valt norrøn litteratur, der har dei meir enn nok lærarbøker på nynorsk,» svara den snille ekspeditrisa på Akademika. Sjølvsagt er god gamal norrønt pensum på nynorsk! Akkurat som engelsk pensum er på engelsk, og kinesisk på kinesisk! Er det da så mykje å forlange at Universitetet i Oslo (UiO) finn fram litt vanleg norsk pensum på norsk?

Eg går heim og gjer litt research, og finn da fort ein reportasje i Universitas frå 2006 på veven, som omhandlar akkurat UiOs mangel på nynorsk. «Som statleg institusjon, krevjast det at 25 prosent av all informasjon som utgivast er på nynorsk». Dei feila da, og dei feilar no.

Sjølvsagt har eit eller anna (uviktig) lite informasjonsnotat på vevsidene til UiO verte skriven på nynorsk, men det er ikkje nok! Er eigentleg informasjonen i det heile tatt offentleg når den befinn seg på sider dei fleste ikkje kunne drøyme om å besøkje? Er den ikkje da forbeholdt ei gruppe menneske?

– Ikkje éin prosent av informasjonen eg får inneheld nynorsk, så fremt eg ikkje leitar han opp sjølv.

Å oppretthalde bruken av nynorsk er «heavy shit» i desse dagar. Eg mottar ingen skriv, oppgåver, undervising eller noko som helst frå UiO på nynorsk, sjølv om eg kanskje er blant dei få som siklar etter det. Eg har dessutan anna å gjere enn å logge meg inn på veven til UiO for å leite opp nynorskglosar. Ikkje éin prosent av informasjonen eg får inneheld nynorsk, så fremt eg ikkje leitar han opp sjølv. Oppnår da UiO krava i det heile tatt? Kvar elev skulle fått sine 25 prosent, ikkje berre norrønstudentane.

Eg vil ha prosentane mine!

Powered by Labrador CMS