Ta nynorsken på alvor!

Publisert

Studentmållaget i Oslo vonar at den nye rektoren vil arbeida for å betra forholda til nynorsken og nynorskbrukarar ved UiO, og me vil utfordra den nye rektoren på desse punkta:

1. Når me har meldt oss opp på nynorsk, har me rett på å få eksamensoppgåver på nynorsk. Fleire studentar ved ulike institutt, har vorte bedne om å ta eksamen på bokmål i staden for på nynorsk. Gong på gong opplever mange nynorskskrivande studentar å ikkje få eksamensoppgåvene på språket sitt. Kva vil den nye rektoren gjera for å hindra at denne retten ikkje vert broten?

2. Mållova slår fast at minst 25 prosent av alt skriftleg materiale frå UiO skal vera på nynorsk, og at Universitetet skal svara på nynorsk til nynorskbrukarane. Kva vil den nye rektoren gjera for å fylgja mållova?

Powered by Labrador CMS