Sp for religiøst mangfald

Publisert

Eit slikt utdanningsprogram kan bli den viktigaste integreringspolitiske saka i vår tid

Oslo Senterstud stør framlegget som er kome, om å opprette imamutdanning ved Teologisk Fakultet på Universitetet i Oslo. Senterungdomen har bedd Sp-statsrådane i regjeringa og kunnskapsminister Øystein Djupedal om å straks setje i gang ei utgreiing av dette. Eit slikt utdanningsprogram kan bli den viktigaste integreringspolitiske saka i vår tid.

Framlegget var oppe i Stortinget før regjeringsskiftet, men vart stemt ned av høgresida. Likevel er dette meir aktuelt enn nokon gong. Talet på norske ungdomar som veks opp i to kulturar aukar, og religiøse leiarar må ha tilstrekkeleg innsikt i ein slik dobbel indentitet. Religon vil alltid brytast mot og møta utfordringar frå ikkje-religiøse normar i samfunnet. Kunnskap om dei kulturelle omgjevnadene blir da avgjerande.

Eit samarbeid innanfor Teologisk fakultet vil fremje gjensidig forståing og respekt. Det er likevel viktig å understreke at imamutdanninga må ha like stor legitimitet i muslimske miljø som i ikkje-muslimske, og det er difor ein lang prosess fram mot utforminga av eit endeleg tilbod. Arbeidet må starte no. Lukkast vi kan det vera med på å dempa faren for religiøse konflikter i Noreg i framtida. Det norske samfunnet skal bli meir, og ikkje mindre, inkluderande.

Powered by Labrador CMS