Meld Noreg inn i Bali

Publisert Sist oppdatert

Kvart einaste år reiser fleire tusen norske studentar ut av landet for å studere, lære språk, drikke seg fulle på lokalt brennevin og alt det andre som høyrer med under eit utanlandsopphald. Om lag 1500 nordmenn reiser gjennom EU-programmet Erasmus, og cirka dobbelt så mange utanlandske studentar nyttar programmet for å studere i Noreg. Tala syner altså at det er interesse for norsk deltaking i Erasmus både i Noreg og i Europa. Norske studentar kan velje fritt mellom utdanningsinstitusjonar i Europa på same måte som andre europearar. Den einaste skilnaden er at institusjonane kan krevje noko høgare studiepengar – som i stor grad blir kompensert gjennom ordningar i Lånekassa.

I år er det 20 år sidan Noreg blei med i Erasmus-programmet – eit program vi slutta oss til uavhengig av EØS-avtalen. Land som Tyrkia og Sveits er òg med i Erasmus, og norske studentar har sjølvsagt studert utanlands heilt sidan Erasmus var namnet på ein nederlandsk humanist.

Med Europa-utgreiinga er EU-debatten på ny heit her til lands. For fyrste gong sidan nittitalet tek vi det store ordskiftet om korleis Noreg skal knyte seg til landa ikring oss. Ja-sida har lenge argumentert med at utanlandsstudiar er ein sjølvstendig grunn til at Noreg bør melde seg inn i EU. Men har dei rett?

Sjølvsagt ikkje. Utdanningspolitikken til EU er langt meir enn Erasmus. Einsretting og marknadstilpassing er sentrale stikkord for utviklinga i høgare utdanning. Og hundretusenvis av europeiske studentar demonstrerer mot skulepengar, nedskjeringar og arbeidsløyse. Dei ser ikkje ut til å dele norsk ja-sides bilete av EU som eit student-paradis. Og som så ofte før er det all grunn til å minne ja-sida om at verda er større enn EU. 93 prosent av alle menneska i verda bur utanfor EU, og det kan jo tenkjast at norske studentar har lyst til å bli kjend med nokre av desse òg.

Logikken i ja-argumentasjonen er altså som fylgjer: Noreg bør bli medlem der norske studentar vil reise. Eg reknar difor med at vi snarleg kjem til å høyre krav om at Noreg må melde seg inn i Goa, Sydney og Bali.

Powered by Labrador CMS