Ope brev til rektor Ole Petter Ottersen

Publisert

I kommentaren sin den 13. januar påpeikar journalist Marianne Granheim Trøyflat at Universitetet i Oslo (UiO) er for dårlege til å tilby materiell og pensum på nynorsk, og at dette truleg syner att i nynorskbruken mellom studentane. Mangel på læremiddel på eige språk er med på å gjere det betydeleg vanskelegare å vere nynorskstudent enn det burde vere, og dette kan i sin tur bidra til at UiO ikkje tek i vare ansvaret sitt for å vere ein attraktiv lærestad for unge menneske frå alle delar av landet.

– Slik stoda er i dag, risikerer ein at UiO blir eit universitet mest berre for folk frå bokmålsområde.

Som universitet i hovudstaden har UiO eit ansvar for å tilby læring til studentar frå heile landet, på eit vis som ikkje diskriminerer nynorskstudentar. Spesielt gjeld dette i dei faga som ikkje finst andre stader. Hovudstaden er ikkje berre ein stor by i noregsmålestokk, men òg ein stad der folk frå heile landet møtest for å leve, bu og lære. Slik stoda er i dag, risikerer ein at UiO blir eit universitet mest berre for folk frå bokmålsområde.

Vi krev at leiinga no sørgjer for at meir informasjons- og reklamemateriell frå universitetet blir tilgjengeleg på nynorsk, at større delar av pensum er på nynorsk der det lèt seg gjere, og at alle institutta lagar planar for å leggje til rettes for at studentane får eksamensoppgåver på nynorsk i alle emne.

Powered by Labrador CMS