Sats på nynorsk

Publisert Sist oppdatert

Stadig vekk opplever nynorskstudentar at UiO ikkje klarar å følgje lova

I førre utgåve av Universitas har Anders Moe ein kronikk kor han stiller seg kritisk til nynorsksatsinga ved Universitet i Oslo (UiO). Studentmållaget i Oslo (SmiO) er usamd i synet hans. SmiO oppmodar UiO på det sterkaste til å følgje pliktene dei har i samsvar med mållova. Mållova gjev studentar ved UiO rettar, som å få eksamensoppgåver og skriv på nynorsk, i tillegg til at minst 25 prosent av alt skriftleg materiale frå UiO skal føreliggje på nynorsk. Stadig vekk opplever nynorskstudentar at UiO ikkje klarar å følgje lova.

UiO har gått til innkjøp av eit dataprogram, nynodata, som effektivt omset frå bokmål til nynorsk, og som SmiO vonar vil gjere nynorsktilbodet til UiO betre. Anders Moe peikar på at nynodata ikkje får fram nyansane i det nynorske skriftsspråket. Eit dataprogram har av naturleg årsaker ikkje den same språklege innsikt som eit menneske, men dei erfaringane SmiO har med eksamensoppgåvene frå i haust syner at nynodata gjev eit betre resultat enn kva mange menneske klarar. Sjølvsagt må eksamensoppgåver som er omset til nynorsk ved hjelp av dataprogram verte kontrollert av menneske. Vidare ynskjer SmiO å oppmode alle som får eksamensoppgåver med dårleg nynorsk til å kontakte SmiO, slik at vi har høve til å følgje opp saka, og sikre at UiO leverer ein tilfredsstillande nynorsk til sine nynorskbrukande studentar.

SmiO ser på nynodata som eit steg i riktig retning for å få auka og betra tilbodet for nynorskstudentar ved UIO, og vil halde fram med å oppmode UIO til å følgje mållova og styrke satsinga på nynorsk.

Powered by Labrador CMS