NSU forsikring

Publisert

Egil Heinert, landsstyremedlem i Norsk Studentunion (NSU), hevdar i Universitas 10. oktober at eg på kommentarplass 3. oktober skuldar NSU for juridisk avtalebrot. Det er ikkje tilfelle. Eg skuldar studentunionen for mangel på demokratisk organisasjonskultur.

På NSU sine nettsider står det å lesa at dei er «en interesseorganisasjon for omlag 93 000 studenter ved universiteter, kunst- og vitenskapelige høyskoler.» Det må ein kunne tolke som at avtalane som blir forhandla fram sentralt skal gjelde alle studentar. Da blir det svært urimeleg at lokale NSU-representantar skal ha høve til å medvite la vera å informere om dei velferdstilboda dei ikkje synes noko om.

Ein kan tenkje seg at det var gjeninnføring av reisestipend det stod om. NSU hadde lukkast med å forhandle fram dette hos regjeringa, mot at kvar einskild student fylte ut eit søknadsskjema. Om da Oslo-studentane meinte dette var ei feilprioritering, og at pengane i staden burde gått til studentbustader, kunne dei da nekta å informere studentane sine om stipendet? Juridisk er sikkert svaret ja, men moralsk er det openbart ikkje det.

Når det gjeld studentforsikringa er det ikkje snakk om kriminalitet, men om manglande informasjonsflyt som går på demokratiet laus fordi studentane har krav på å vite kva dei tillitsvalde oppnår på deira vegne. Det er mitt personlege standpunkt i denne saka, og Egil Heinert bør ha meir til ryggrad enn å feie vekk ein motstandar sine argument med påstandar om kunnskapsløyse.

Powered by Labrador CMS