Arkivfoto: Mari Hagen.

Meiningslaust frå ja-sida.

Publisert Sist oppdatert

Universitas har nyleg avslørt at treningsgiganten SATS vil bruka EØS-avtalen til å gjera Studentsamskipnaden i Oslo (SiO) sitt treningstilbod dyrare og dårlegare. Ungdom mot EU meiner at dette er eit døme på kor udemokratisk og marknadsfundamentalistisk EU-systemet er.

Europeisk Ungdom unngjekk heilt å svara på dette i innlegget i Universitas 10. oktober. I staden bruker dei spalteplassen til å gjenta det vanlege refrenget frå ja-sida: «Bare medbestemmelse er godt nok». Europeisk Ungdom påstår at om Noreg hadde vore EU-medlem, kunne me ha påverka sakar som denne politisk, gjennom representantar i Ministerrådet og EU-parlamentet.

Det er rett og slett feil. I EU er det Kommisjonen som passar på at landa fyljer opp traktatane. Medlemslanda og veljarane har ikkje innverknad i dette organet. Ja – fram til Reformtraktaten eventuelt tek til å gjelda, er det ein statsborgar frå kvart land i Kommisjonen. Men reglane er heilt klare på at dei representerer EU som heilskap, og ikkje skal ta i mot instruksar frå heimlanda eller veljarane. Dessutan er det (naturleg nok) ikkje kvar einskild Kommisjonær som kontrollerer «Småting» som konkurransetilhøvet mellom SiO og SATS. Det gjer ein av dei 20 000 byråkratane i EU-kommisjonen.

Om Noreg hadde hatt 14 av 732 representantar i EU-parlamentet, eller 1-2 prosent av stemmane i ministerrådet, hadde i denne samanheng ikkje spelt noko rolle. Desse politiske organa er ikkje innblanda i den juridiske prosessen som Kommisjonen (i Noreg sitt tilfelle ESA) styrer. I EU-systemet er det dommarane som har forrang – ikkje folkevalde politikarar. Difor blir det i denne saka meiningslaust å snakka om «medbestemmelse».

Som EØS-medlem er Noreg underlagt ESA sin kontroll av om EU-prinsipp om handel og fri flyt av dei fire fridommane varer, tenester, kapital og arbeidskraft. Hadde me vore medlem av EU hadde me vore underlagt EU-kommisjonen sin kontroll av norsk politikk på mange område som i dag ikkje er omfatta av EØS. Føler ein at EØS er for mykje fjernstyring og juristvelde, er slett ikkje svaret EU-medlemskap.

Det er slett ikkje noko naturlov at konkurransetilhøva mellom SATS og SiO skal avgjerast på EU / EØS-nivå. Tvert om burde dette vore ein sak kor sunn fornuft, nasjonal lovgjeving og studentdemokratiet kunne råda.

Kor går grensa for kva ESA vil blanda seg opp i?

Ei fornuftig ordning som gjev studentane eit godt og relativt billig treningstilbod kan vera truga av ein avtale som primært var meint å sikra handelen mellom Noreg og EU. Kor går grensa for kva ESA vil blanda seg opp i? Eg meiner at saka om treningstilbodet til studentane viser kor gale det kan gå når ein parar stivbeint paragrafrytteri med blind kjærleik til den frie marknaden.

Powered by Labrador CMS