Det var meg!

Publisert

I Universitas 14. oktober kritiserer redaktør Aksel Kjær Vidnes tildelingane som blei gjort til studentmediene i Velferdstinget (VT). Han skriver m.a. at «det toppet seg da en av VTs medlemmer reiste seg og proklamerte at Radio Nova har tatt signalene og ’mye tyder på at de har fått flere lyttere’. Hva dette «mye» er (...) er sannelig ikke godt å si.» Eg kan med dette meddela at det var eg som reiste meg og kom med proklamasjonen. Hadde Vidnes spurt meg, skulle eg gjerne forklart han bakgrunnen for «proklamasjonen». Innlegget mitt var eit motsvar til argumentasjonen om at Radio Nova kom dårleg ut av fjorårets brukarundersøking. Etter undersøkinga kutta VT støtta, og fleire uttalte at musikken var for smal og nettilbodet for dårleg. Dette har Radio Nova retta på. Musikken har blitt mindre smal og på vevsida deira har det blitt mykje enklare å streama gamle program. Det utvida nettilbodet har gjort Radio Nova til ein meir interessant radiokanal for meg og eg vil tru at det same gjeld for mange andre. Sidan Universitas truleg ville hengt ut VT om me nytta meir pengar på ei ny undersøking framfor t.d. redaktørlønn i Universitas, er det slike slutningar ein må basera seg på.

Derav formuleringa «mye tyder på». Eg kan vidare melda at eg på ingen måte har blitt utsett for eit «politisk påvirkningsarbeid» slik Vidnes freidig antyder. Vidnes kritiserer vidare at VT haldt fram på same linja som i fjor med å ikkje støtta BI-avisa Inside økonomisk. Det han ikkje nemner, men som han nok ville fått med seg hadde han lest sakspapira, var at Inside blir gjeve ut ved ein bråte BI-institusjonar og vidaregåande skuler rundt om i Noreg.

Meiner Vidnes verkeleg at VT skal prioritera å bruka semesterkronene til studentane i Oslo på å publisera ei avis til elevar og studentar rundt om i heile landet? Det ville jo vore eit slikt vêromslag Vidnes er så kritisk til. Forøvrig kan eg sitera frå Vidnes si eiga avis der Insideredaktøren uttaler «vi klarer oss fint uten støtte fra VT».

SV-lista gjekk i all hovudsak inn for nett dei same prioriteringane som i fjor. Eg går difor utifrå at Vidnes sine skuldingar om ubegrunna vêromslag var retta mot andre.

Kan me ikkje heller ta eit intervju neste gong, Vidnes?

Powered by Labrador CMS