ØKONOMI: VT må sikre studentmediene forutsigbare rammer, mener debattanten. Illustrasjonsfoto: Brian Olguin.

Ein leksjon i eigarskap

Publisert Sist oppdatert

Stine Winger Minde og Sten Ånnerud freistar i Universitas 24.10 å svare på min og Tone Ryg sin kronikk. Mellom mange for så vidt ikkje veldig oppklarande påstandar, var det gøymt eit par små perler av oppsiktsvekkande og, vil eg tru, kontroversiell ny politikk frå Villa Eika.

Minde og Ånnerud hevdar nemleg at Velferdstinget (VT) ikkje har noko eigartilhøve til studentmedia. «Mediene er selvstendige organisasjoner,» skriv dei, og viser til at noko anna ville stri mot VTs eigne tildelingskriteria. Vidare poengterer dei at sidan det ikkje er mogeleg å ta ut utbytte frå Universitas og Radio Nova, så står «ingen av mediene … under VTs eierskap.»

Dette er på det beste originale tolkingar av konseptet medieeigarskap, og på det verste nokså kunnskapslaust. For det første er ikkje studentmedia aksjeselskap, og det er då ikkje slik at organisasjonar som gjennom si organisasjonsform ikkje gjev avkastning, ikkje kan ha eigarar. For det andre er det ingenting som står i vegen for at VT kan gripe inn i drifta av studentmedia gjennom sine utpeikte styremedlemmer. Det har dei også gjort fleire gonger, sist i sommar då det kom fram at Radio Nova mangla enkelte bilag frå fjoråret. Formelt er det kun redaksjonelle prioriteringar som VT ikkje kan legge seg opp i, og det er regulert av Redaktørplakaten, ikkje av VTs eigne dokument.

For det tredje er dette signalet frå VT brot på ein historisk konsensus om at studentmedia Universitas og Radio Nova er dels eigd av dei som er aktive der, og dels av alle studentane, forvalta gjennom studentane sine demokratiske organ. Det er jo lov å spørje seg kva annan faktor som skulle rettferdiggjere at VT har privilegiet det er å utnemne styreleiar og forvalte eit negativt fleirtal. Det ville ha skapt rimeleg mykje rabalder om Medietilsynet eller Fritt Ord skulle kome med tilsvarande krav. Dersom denne påstanden er gjennomtenkt, er det grunn til å etterlyse kva konkrete tiltak VT planlegg for å rydde opp i tilhøva. Men kanskje er påstanden heller berre eit nytt kapittel i soga om bortforklaringar frå Minde og Ånnerud?

Det er freistande å hevde at ein ikkje har lukkast med nokre av desse målsetningane.

Då Mediepolitisk Utvalg (MPU) i 2004 utarbeidde det som skulle bli Mediepolitisk Dokument, var utgangspunktet for arbeidet at det «trengs klarere retningslinjer ... for å sikre at det ikke tas avgjørelser på subjektivt og populistisk grunnlag. Dette skaper et akutt behov for to ting: 1) Økt kompetanse i bevilgende forsamling ... , og 2) Mer formelle og etterrettelige rammer og kriterier for søknadsprosessen». Vidare listar MPU opp «Medienes behov for en forutsigbar budsjettsituasjon» som det fremste og viktigaste omsynet i mediepolitikken. Det er freistande å hevde at ein ikkje har lukkast med nokre av desse målsetningane.

Hukommelsen er kort i studentpolitikken og dei siste mediepolitiske rundane viser at grunnlaget for medieforvaltninga allereie synes å vere gløymt. Desse setningane er nemleg utgangspunktet for eit seriøst medieeigarskap. Ein seriøs medieeigar vil i det lengste tilstreve forutsigbare rammer. Det vil ikkje seie at ein ikkje kan kutte i løyvingane, men det vil seie at slike kutt skal takast på informert og langsiktig grunnlag. Kuttet Radio Nova nyleg fekk på over 10 prosent var verken informert eller langsiktig planlagt. Det var vilkårleg, subjektivt og populistisk. Difor er Velferdstinget ein useriøs medieeigar. Og difor gjer Velferdstinget det vanskeleg å vere deira talsmann inn i Radio Nova-styret.

Powered by Labrador CMS