Universitas 7. november 2007

Om bruk av øks

Publisert Sist oppdatert

For dei av oss som nær har vakse opp i skogen, har vi for lenge sidan lært oss varsemd ved bruk av øks når noko skal kuttast. Dersom ein til dømes vil at eit tre skal vekse seg tett og fint, må ein bruke øksa målretta for å få bort utskota, og ikkje dælje reiskapen tilfeldig inn i stammen. Då risikerer ein at treet visnar. Dette er lærdom som mange kunne hatt nytte av og som gjerne kan overførast til andre samanhengar. Til budsjettprosessane i Velferdstinget (VT), til dømes.

Når leiar og nestleiar i VT, Stine Minde og Sten Ånnerud, i Universitas 7. november meiner at eg stikk hovudet så langt fram at eg klarar å hogge meg sjølv i leggen (!), viser dei ikkje eit presisjonsnivå tilstrekkeleg til å vinne NM i øksekast. Sten og Stine skal ha takk for eit poetisk bidrag i utviklinga av det norske språket, men innhaldet i kritikken står ikkje i stil med formuleringane.

Konseptet eigarskap er eit eige akademisk studium. Det trengs ikkje omsetjelege eigedelar for at noko skal kunne eigast, og også sjølvstendige einingar kan ha eigarar utan at det går ut over deira autonomi. Mitt poeng var at den historiske konsensusen om studentdemokratiet som medeigarar i studentmedia framleis er gyldig. Dette er Minde og Ånnerud eksplisitt samde i, men nektar for at det har formelle konsekvensar. Det har det. VT har ikkje styrerepresentasjon og negativt årsmøtefleirtal for å sikre «at semesteravgiften går til det den ble gitt til» – dette pleier tilskotsforvaltarar vanlegvis å ordne gjennom å krevje tilbakebetaling eller å nekte vidare tilskot. VT har desse goda fordi dei forvaltar studentane si stemme inn i studentmedia. Påstanden om at VT ikkje fremjar eigne vedtektsendringar, er tøv. Nokre av dei mest omfattande endringane i studentmedia vart påtvunget i etterkant av førre handsaming av Mediepolitisk dokument.

Minde og Ånnerud sitt kronargument er omorganiseringa av Studentparlamentet i 2003. Eg var til stades då dette vart handsama, og det vil undre meg om nokon som var det påstår at Studentparlamentet med dette sa ifrå seg alt eigarskap. Det var ei formell og økonomisk opprydding, men endra lite i dei reelle tilhøva. Ingen skal vere i tvil om at Universitas og Radio Nova for alle praktiske formål var sjølvstendige organisasjonar også før 2003.

Desse formalitetsdiskusjonane er imidlertid ikkje det som er vesentleg. Det vesentlege er det som eg vonar framtidige AU-medlemmer i Velferdstinget tek med seg: At uavhengig av om ein kallar seg medeigarar, medverkarar eller forvaltarar, så sit ein med eit ansvar for langsiktige investeringar i studentmedia, og ein sit med valte styremedlemmer som ein kan og skal spele på lag med for å sikre stabile driftsvilkår. Styremedlemmene er ikkje studentmedia sine verktøy i VT, men VT sine kanalar for medverknad og langsiktig styring.

Eg registrerer at Minde og Ånnerud dei siste vekene ikkje har vist vilje til å ta fatt i denne debatten, men at formalitetar har gått framfor politikk. Det får heller vere. Sidan eg er ferdig med mine verv i studentmedia, avsluttar eg med dette denne polemikken frå mi side. (VT får heller bruke tida på å finne styremedlemmer, sidan dei ikkje lukkast i få nokon valt på førre møtet heller.)

Powered by Labrador CMS