STUDENTPARLAMENTSVALG: Denne uken velges det nye representanter til Villa Eika.

Å tale studentane si sak

Publisert Sist oppdatert

Me står no føre nok eit val til Studentparlamentet. Nok ein gong vil ein få sjokkerande låg oppslutting om valet. Nok ein gong vil Universitas og ulike politikarspirer uttala seg om kva som er gale og korleis ein kan organisera seg ut av uråa. Nok ein gong vil folk nytta det ultimate skjellsordet om Studentparlamentet – «Løvebakken barnehage». Det verste med dette er at dei har rett. Studentparlamentet har blitt ein retorisk øvingsarena for framtidige partipolitikarar. Dei fleste partia på (og utafor) Stortinget har sin miniversjon i studentpolitikken på Blindern. Partifraksjonar av ymse farger og ideologiar kappast om å fremja dei same sakene som skal gjera UiO så mykje betre for alle.

Studentparlamentet oppnemnar representantar til ei bråte ulike komitear og organ. Alle desse komiteane og organa har i større eller mindre grad påverknad på din kvardag som student. Desse representantane er opplærde i den herskande parlamentskulturen og fortsett sin ideologiske skyttargravstenking i Universitetsstyret, i klagenemnda, i valstyret osv.

Dette kan synast ganske harmlaust, om enn ein smule komisk. Problemet er at desse representantane er der for ein grunn. Styringa av norsk akademia er basert på at studentane er godt representerte i alle styrande organ. Dette skal væra den demokratiske garantien for at også studentane sine interesser skal takast med i dei heilskaplege vurderingane. Ein treng ikkje høyra på studentane si klaging i etterkant så lenge studentane var med å fatta avgjerda.

Her er me ved problemet si kjerne. Eit slikt system er basert på at studentane sine representantar taler studentane sine interesser i forkant av avgjerder. Når desse representantane derimot aldri var interesserte i å tala studentane sine interesser, kva skjer då?

Dei siste åra har ein sett ein aukande tendens til at studentar blir ein saleringspost i alle budsjett. Anten det gjeld forelesingar, lesesalplassar, rettleiing (veiledning) eller rett til utsett eksamen, så går studentane sine interesser på dunken. Samstundes ser ein ein tendens til at representantane som skal tala på vegne av studentane i aukande grad politiserer seg og fokuserer på partipolitiske og ideologiske preferansar.

SV-lista, HF-lista, Realistlista, TF-lista, Jus-lista og Medisinsk- odontologisk studentliste er alle eit alternativ til denne utviklinga. I staden for å satsa på kandidatane med partiboka i orden, har me det til felles at me ynskjer fremma dei kandidatane som er best skikka til å fremja studentane sine interesser – uavhengig av partipolitisk ståstad. Me bryr oss lite om kva parti ein representant kjem ifrå. Studentparlamentet har nemleg allereie vedteke politikk på dei aller fleste relevante (og ein del irrelevante) område. Difor meiner me at samtlege studentrepresentantar skal bindast av denne politikken. Slik – og berre slik – kan ein få studentrepresentantar som talar med ei røyst for same sak – studentane si sak.

Powered by Labrador CMS