Ikkje dødt, men nære nok

Publisert

Ulrik Motzfeldt frå Karl Johanslista (KJL) har ein del å melde i Universitas den 1.mars. Som studentparlamentsmedlem frå ein annan fraksjon seier eg meg gjerne samd i mykje av det Motzfeldt går inn på. For det første er det eit demokratisk problem at under ein tidel av studentane stemmer med parlamentsvalet. Vidare er det ikkje vanskeleg å vere samd i at problema med innføringa av nytt valreglement er ein konsekvens av for dårleg gjennomføring frå SP-AU sin side, og kan hende eit for uklårt reglement. Det er også eit problem at sakspapir både til studentparlamentet og velferdstinget ikkje blir sendt ut i tide. At SP-AU fortente offentleg kritikk frå parlamentet for utspelet deira i samband med rektorvalet, er vi også mange som er samde med Motzfeldt i.

At tillitsverv blir fordelte «på kammerset» etter styrkeforholdet mellom fraksjonane er også noko Motzfeldt ser på som eit demokratisk problem. Ja, det er det – men sånn blir det når ein har eit parlamentarisk system som basis for demokratiet. Innafor dei parlamentariske rammene er denne fordelinga så demokratisk som ho kan bli, utan at det med det er sagt at dette er den beste måten å gjere slikt på. Ei sideproblemstilling til dette er at SP har 4-5 fulltidsbetalte tillitsvalde som i praksis har svært stor makt over politikken til studentparlamentet. Særleg for fraksjonar og lister som ikkje har fått «sin» kandidat inn i eit sånt verv, vil dette verke udemokratisk. Å redusere talet på fulltids studentpolitikarar vil kan hende demokratisere SP rett og slett fordi vi friviljuge MÅ gjere meir?

Motzfeldt forteljer vidare at «mange av de tradisjonelle fraksjonene har store problemer med å forstå at KJLs representanter kan mene det de selv vil.» Om Motzfeldt ser på oss i Venstrealliansen (VA) som ein «tradisjonell fraksjon» veit eg ikkje – men vi står likevel på line med KJL sitt syn når det gjeld å stemme for eige syn. At dei ni representantane våre likevel ofte stemmer saman i parlamentet, er nok fordi vi alle har gått til val på den same plattforma, med eit syn på universitetet, utdanning og studentdemokrati som er sams for mesteparten av den politiske venstresida. Sjølv om VA sine SP-representantar har forskjellige partitilknyting og aktivitetsnivå, er vi i stor grad einige om kva som er det beste for studentane ved UiO. Som KJL er heller ikkje vi stemmekveg for nokon leiar, men vi har nok meir felles syn innad i gruppa vår enn det ser ut til at KJL har. Kva vi går til val på, kan alle lese på http://www.venstrealliansen.org/.

Studentdemokratiet er ein verdi som ofte ikkje blir anerkjend før vi står i fare for å miste det

Studentdemokratiet er ein verdi som ofte ikkje blir anerkjend før vi står i fare for å miste det. Vonleg vil fleire sjå nytta av valde studentrepresentantar før det blir så ille, og eg håpar alle nyttar røysteretten sin ved månadsskiftet.

Powered by Labrador CMS