Foto: Pressebilde

Aukande valoppslutning for Studentparlamentet HiOA

Studentparlamentet er den beste kanalen ein har til å formidle studentane sine meiningar opp mot rektoratet, leiinga, politikarar eller andre som tar slutningar som angår oss studentar.

Publisert Sist oppdatert

Studentparlamentet ved HiOA har i det siste hatt eit stort fokus på val. Det har gitt positive resultat. Nytt Studentparlament er vald og valoppslutninga har auka. Vi i arbeidsutvalet håpar dette er eit skritt i riktig retning for eit større engasjement rundt Studentparlamentsvalet.

I 2015 var valoppslutninga til Studentparlamentet lav. Berre 8 prosent av studentane stemte på kven som skulle representere dei i 2016. Dette har arbeidsutvalet ønska å snu i 2016, og vi har fått studentane med på laget. Både tillitsvalde, HiOA, studentparlamentsrepresentantar og arbeidsutvalet har bidratt til å informere studentane om kva Studentparlamentet er og kvifor det er viktig å bruke den stemmeretten ein har.

Studentparlamentet har gjort fleire tiltak for å auke oppslutninga. Og hardt arbeid gir heldigvis resultat! I år har valoppslutninga auka til over 10 prosent av alle studentane på HiOA. Aukinga er ikkje veldig stor, men vi håpar og trur at dette vil bidra til at enno fleire studentar vil kjenne til Studentparlamentet og engasjere seg i valet.

Det er nok mange studentar som tenker at Studentparlamentet ikkje angår dei. At det ikkje er vits å stemme. At det ikkje er viktig, og at dei dermed ikkje stemmer. Dette syns vi er svært synd. Studentparlamentet er den beste kanalen ein har til å formidle studentane sine meiningar opp mot rektoratet, leiinga, politikarar eller andre som tar slutningar som angår oss studentar. Vi fungerer som ei samla stemme for studentane på HiOA. For å få eit ord med i laget er det minste ein kan gjere å stemme i valet. I tillegg forvaltar Studentparlamentet fire fulltidsstillingar som kan jobbe for det studentane treng.

Fleire studentar stemte i årets Studentparlamentsval enn i fjor. Fleire studentar såg kanskje viktigheita av å stemme. Vi er enno ikkje i mål, men håpar dette er eit skritt i riktig retning for at enno fleire studentar skal kjenne til Studentparlamentet og engasjere seg.

Powered by Labrador CMS