Inga forverring i levekåra til studentane

Publisert

Universitas kunne 6.februar varsla om at Studentsamskipnaden i Oslo (SiO) kan henda ser seg nøydde til å setja opp husleiga for studentane som nyttar seg av SiOs tilbod. Noregs kommunistiske studentforbund (NKS) er mot kvar ei forringing i levekåra til studentane.

Dette er andre gongen på ei veke at husleiga i SiO er oppe til vurdering i media. Det første oppslaget kom i Universitas uka før, då byggjeskandalen på siloen på Grünerløkka kom fram i ljoset. Då lova Tom Olstad, direktør i Studentboligene, at husleiga ikkje skulle aukast på grunn av det naudsynte renovasjonsarbeidet, sidan SiO hadde eigenkapital å tæra på.

I Universitas-saka av 6.februar, er det eit framlegg frå regjeringa til endring av lova om depositumskonti. I staden for at pengane kan stå på éin felleskonto, må utleigar syta for kvart depositum står på kvar sin konto. Dette vil i sin tur føra til auka utgifter på minst 2,5 millionar kroner. SiOs kommentar til dette ved styreleiar Egil Heinert, er at også SiO må ta pengane frå ein plass. Saera Khan frå Arbeidarpartiet vil ikkje spå noko om utfallet av saka, men seier det kan vera naturleg å gjera eit unntak i SiO sitt tilfelle.

NKS stolar ikkje på Arbeidarpartiet eller dei andre regjeringspartia i denne saka. Enno ein gong fryktar me ei forverring av den økonomiske situasjonen for studentar. I høve til andre gruppe i samfunnet, er det studentane som heng mest att i inntektsutviklinga dei siste tretti åra. Ingen regjeringar, same kva fargeavskygging dei har vore av, har synt vilje til å gjera noko med dette. Deltidsarbeid attmed studiane er vorte så vanleg at ein heller ser på det som unormalt å ikkje ha arbeid attmed fulltidsstudium enn å ha det.

Dette heng saman med kapitalen sin trong til ei fleksibel reservearbeidskraft som ofte ikkje er organisert og difor er lett å utnytta mest mogeleg. Me er mot denne utviklinga og ynskjer eit solid forsvar og ei forbetring av arbeids- og levekåra til studentane. Diverre trur me ikkje at studentane kan stola på andre enn seg sjølv i dette spørsmålet, og då er det spørsmål om korleis ein best organiserer seg. Me trur den beste organiseringa er kommunistisk organisering.

Powered by Labrador CMS