Opptaksrot ved Norges musikkhøgskole

Publisert

I førre utgåve av Universitas kommenterer studiesjef Kjetil Solvik saka om opptaksrot på NMH. Solvik uttrykkjer at han ikkje kjenner seg att i framstillinga av opptaksprosessen slik Universitas-artikkelen skildrar. Han set ikkje lit til at søkjarane i SterkeNils opplev rot i sin opptaksprøve og søknadsbehandling og bagatelliserar at studieretninga gruppa søkte på ikkje var godkjent då dei prøvespelte.

Folkemusikkgruppa SterkeNils søkte opptak til ei ny studieretning for folkemusikk. Dette vart aldri framstilt frå gruppas side som eit «ønskje», slik Solvik skildrar i lesarbrevet, men som ein søknad på ei studieretning som NMH kunne tilby.

Studietilbodet viste seg å ikkje vere klart. NMH har aldri kunna tilby studieplass til studieretninga som SterkeNils sin søknad var retta imot.

Likevel vart søknaden godkjent etter å verte omtolka til å vere ein søknad for ei anna studieretning, utan at søkjarane fekk informasjon om den nye statusen. Merk her at det aldri har gått nokon folkemusikkgruppe på studieretninga SterkeNils er plassert på venteliste på. Når Solvik legg fram at NMH har eit tilbod til folkemusikkgrupper som ynskjer å søkje mastergrad framstår dette for oss som ein avledningsmanøver.

Då me stilte spørsmål til Solvik om det i det heile tatt er lovleg å omtolke søknadar, svara han: «Kvifor skulle det ikkje vere lov?»

Dette motspørsmålet fell på sin eigen urimelegskap. Utsegnet skildrar presist at administrasjonen på NMH ser på det som sin rett å sjonglere og gamble med uferdige studieretningar på vegne av søkjarar. Denne gjøglinga er med på å frårøve søkjarar rettskapen til formelt korrekt behandling. Difor er det utan slagkraft når Solvik, i lesarbrevet sitt, skryt av at det på 10 år ikkje har vore formelle klager på opptaksprosessen.

Opptakssystemet gjev idag minimalt innsyn undervegs i den formelle og praktiske opptaksprosessen som NMH tek for seg. Administrasjonen har såleis moglegheit til å fortelje søkjarar at alt har gått riktig for seg utan at det stemmer.

Då SterkeNils hamna på venteliste til ei anna studieretning enn søkt, viser dette spor av formelle sakbehandlingsfeil. Dette, meiner me, i seg sjølv er nok til å syne at lovane rundt NMHs opptakssystem treng ein overhaling for å sikre studentanes rettskap. Ein skal ikkje lure på om studieretninga ein har søkt finnast.

Svært uheldig – men ikkje spesielt overraskande. Spør ein tilfeldig andreavdelingsstudent på NMH om korleis dei opplev administrasjonen.

Me kan opplyse om at SterkeNils' formelle klage, som ventar behandling, ved ein «feil» hamna hos Solvik.

Kvifor Solvik fekk denne var det ingen i administrasjonen som kunne svare på. SterkeNils antar at det no jaktast på smutthol i 3. etasje på NMH, og med dei vage forskriftene til studiane som skal sikre studentanes sikkerheit er det ikkje umogleg at det finst fleire slike.

Powered by Labrador CMS