Tomme studieplassar?

Publisert

Universitas tok 12. oktober opp dei problema som oppstår når studentar melder seg opp til fleire emne enn dei faktisk har tenkt å følgja. Ved SV-fakultetet er vi klar over at dette skjer. Derfor blir opptaksrammene for emna sett høgare enn den faktiske kapasiteten, ofte så mykje som 40 prosent. Overbookinga byggjer på erfaringstal frå det enkelte emnet. For emne som blir fullteikna ved emneopptaket, er det som regel berre små avvik mellom kapasiteten og talet på studentar som følgjer emnet. Det er altså relativt få plassar som blir ståande ledig, men det hender at emne blir overfylte.

Svært få av emna våre har obligatorisk frammøte. Derfor går det ein del tid frå semesterstart til vi kan slå fast kor mange som faktisk følgjer eit emne. Da er det for seint å ta opp fleire. I emne med obligatorisk frammøte hender det at vi kan gjera eit ekstra suppleringsopptak. I så fall går tilbodet til dei som stod igjen med høgast prioritet etter dei ordinære opptaksrundane. Dei blir kontakta av vedkommande institutt. Det hjelper ikkje å møta opp og be om plass.

Problema med uutnytta plassar og med trengsel på overfylte emne er alvorlege nok for dei studentane som blir ramma. At enkelte studentar melder seg opp til svært mange emne, skaper også administrativt meirarbeid. Fakultetet vil gjerne vera med på tiltak som kan letta situasjonen og reknar med at dette vil bli diskutert sentralt ved Universitetet.

Powered by Labrador CMS