Universiteta skal lære oss å leve

Universitetet må representere dei eigentlege prioriteringane til våre liv

Publisert Sist oppdatert

Kva er eigentlig universiteta for? Den forenkla forklaringa på dette spørsmålet er at dei skal gi folk kunnskap slik at dei kan skaffe seg eit godt levebrød. Men det finast eit større og ambisiøst mål som ofte fell litt for mykje i bakgrunnen; ideen om at universitetet skal lære oss korleis vi skal leve.

Dei mange universiteta blei til rundt 1800-tallet, på same tida religionstrua undergjekk ei dramatisk nedgang hjå folk. På den tida blei det stilt mange spørsmål om kor folk skulle finne menging, trøst, visdom, og ein kjensle av fellesskap som dei før fant i kyrkja. Nokon akademikara på den tida meinte då at svaret som folk før fant i kyrkja, skulle folk no finne i dialogane til blant anna Platon eller Shakespare sine skodespel. Det var ein fin og stor tanke som gav opprettinga av mange universitet. Men det er eit problem. Vis du vitjar for eksempel Universitetet i Oslo, og prøv å stille store spørsmål som kva eg skal gjære med livet mitt, vil dei venskaplege tilsette nesten tru at du hadde rømt frå eit galehus. Kvifor? Fordi dette er spørsmål som du ikkje har lov til å spørje om. Dei store spørsmål som mange har retta til kyrkja, finn man rart nok malplassert i ein generell universitetssetting, der stemninga eigentlig er mykje meir friare og abstrakt.

I eit ideelt universitet i framtida, som byggjar vidare på at kultur skal erstatte religiøse tekstar, må dei ulike avdelingane gjennomgå dramatiske endringar slik at dei kan representere dei eigentlege prioriteringane til våre liv. Døme på dette vil være avdeling for relasjonar, avdeling for døden eller senter for angst. Man vil ikkje i framtida studere 1900-tals historie eller ei gammal novelle. Man må studere meir korleis du skal få mindre angst, eller korleis du skal vise meir medkjensle. Å klage over korleis universiteta er i dag er ikkje for at vi må gjev slepp på dei. Vi må forsøke å få dei til å leve opp til lovnaden sin. Lovnaden om at dei skal ta vanlege folks utfordringar i samfunnet på alvor og være meir en et universitet; nemlig eit tempel som støtter mennesket gjennom livet slik at vi kan forstå meir om oss sjølve og leve eit beitre liv.

Powered by Labrador CMS