Polemikk og politikk

Publisert Sist oppdatert

Eg ser at Eva-Kristin Urestad Pedersen i Universitas onsdag 15. mars ynskjer å gjera ende på polemikken eg og ho har hatt gåande. Det er greitt, men at eg ikkje har lese innlegga hennar, er tull. Om nokon skulle ha lyst til å lesa kven som eigentleg svarar på kva i det føregåande ordskiftet mellom meg og Pedersen, kan dei finna historikken her: http://folk.uio.no/benjamil/Debatter.htm

Og no: politikk. Både i den fyrste kronikken om elitisme og i lesarbrevet om at likestilling «nedgraderer individet» verkar det som om Pedersen synest at ei fullkomen samfunnsanalyse kan skipast einast ved bruk av individperspektivet: Det verkar som om ho trur at me alle som individ ikkje berre møter med like føresetnader, men at me òg lever i eit sosialt vakuum.

Høyrt om sosial reproduksjon?

Eg freista å få fram i innlegget mitt «Elitist uten faktakontakt» at det alt finst minst éin klasseskilnad i akademia: mellom dei frå akademiske heimar og dei som ikkje har akademikar-foreldre. Høyrt om sosial reproduksjon? Les «Familiebakgrunn, skoleressurser og avgangskarakterer i norsk grunnskole,» skriven av ei forskargruppe frå NHH. Både økonomisk bakgrunn og utdanning til foreldra har mykje å seia for kva karakterar ein får – kven sa lik rett til utdanning? Det er sjølvinnlysande at ein kjem til å styrkja denne skilnaden om ein satsar særskilt på «eliten». Eg vil heller gjera noko med skilnaden – han er jo grovt urettferdig – kven kan velja foreldra sine? Diverre ligg nok ikkje løysinga hjå universitetet, men hjå rådgjevarane i ungdomsskulen og på vidaregåande.

I 1966 var 24,4 % av studentane og 7,7 % av dei tilsette på universitet og høgskular kvinner. I 2005 var 59,8 % av studentane og 44,6 % av dei fast tilsette kvinner. 40 år tok det! Men stadig er berre 17 % av professorane kvinner. Det går seg til, seier du kanskje? Ein uformell prognose basert på utviklinga til no, gjord av tidlegare prorektor ved NTNU Rigmor Austgulen synleggjer kor sakte utviklinga går: Sjølv innanfor dei mest likestilte fagområda går det enno tre generasjonar før ein får likestilling om ein held fram som i dag.

Kva lyt gjerast? Me må halda fram med opne universitet – alle skal ha tilgang, og som sagt diskriminerer karakterar etter sosial bakgrunn. Me må få tiltak i grunnskulen som gjer noko med dét. Og me må ha radikal kjønnskvotering. No. Eg vil ikkje venta til eg er 80 med å gjera samfunnet rettvist.

Powered by Labrador CMS