Ustø elitisme

Publisert

Eva-Kristin Urestad Pedersen går i ein kronikk i Universitas 7/12 2005 til åtak på politikken til Studentparlamentet ved Universitetet i Oslo (SP). Pedersen meiner at ein akademisk fristad for eliten ville vera til beste for alle. Ho nyttar ein metafor frå idrettsverda: i toppidretten er det visst ingen som klagar når brorparten av ressursane vert nytta for å lata dei beste verta endå betre. Mellom linene: Det er eit teikn på dobbeltmoral at me ikkje vil godtaka denne løysinga i høgare utdanning. Kor rettkomen denne skilnaden er i idrettsverda, skal eg ikkje gå inn på her, men toppidrettsfolk lever av å driva idrett, medan dei som spelar 8.-divisjonsfotball knappast kan vona å tena so dei kan leva av det. Alle som studerer, gjer det som studentar på heiltid (det er i alle fall målsetnaden til styresmaktene) og møter med ein ållmenn føresetnad: ållmenn studiekompetanse.

Sjølv tykkjer eg det er ironisk at dei som fremja eliteprosjektet for høgare utdanning i Morgonbladet (Thomas Hylland Eriksen, Iver B. Neumann, m.fl.), ved å tala saka for eliten med det same definerte seg sjølve til eliten. I kraft av posisjonane og framgangen deira er det jamvel lettast å konkludera med at dei knapt har vorte nedtyngde av noko måtelegskapstyranni. Eg er heller ikkje fyrst ute med å peika på nett dét.

Høgresida meiner jo elles jamt at ein skal nytta karakterar langt ned i barneskulen, so elevane so tidleg som råd kan få vita kva bås dei står i.

Pedersen skriv òg at einskapsuniversitetet, slik ho meiner det er i dag, øydelegg sjølvkjensla til dei veike studentane fordi alle møter dei same krava. Har du høyrt eit slikt vikarierande argument! Om eg skulle fylgja opp den festlege metaforbruken til Pedersen, kunne eg ha kalla det ein ringjevikar, so lausrive står det i den politiske samanhengen. Eg vil utfordra Pedersen til å leggja fram eit utdanningssystem som ikkje stiller sjølvkjensla til elevane på prøve. Høgresida meiner jo elles jamt at ein skal nytta karakterar langt ned i barneskulen, so elevane so tidleg som råd kan få vita kva bås dei står i.

Kronikkforfattaren ser òg ut til å vera grunnleggjande usamd med både Moderat Gruppe og Høgre om kva for eit universitet ho ynskjer seg. Moderat Gruppe har i alle fall markert seg som varme forkjemparar for det dei kallar «arbeidslivsrelevans». Det meiner dei står i motsetnad til den tradisjonelle akademiske kulturen ved universitetet. Slik eg har forstått innhaldet i framlegga deira, vil dei styrkja dei aspekta ved faga som dei meiner er mest nyttige i arbeidslivet (arbeids- og tenkjemåtar osb.). Slik eg ser det, vil dette gjera skilnaden mellom høgskular og universitet mindre, slik også den nye universitets- og høgskulelova gjer. Ho vart jo utforma av eit Høgre-leidd departement, og ein lyt jo tru at lova då i praksis, som på papiret, gjev uttrykk for kva Høgre vil. Jamvel om eg ikkje likar resultata av politikken deira, fekk ein avverja det som ville vore elitistisk: skulepengar. Elles er det godt Pedersen seier det ho meiner, sjølv om det ikkje tener interessene til dei som normalt sett er meiningsfrendane hennar i utdanningspolitikken.

Powered by Labrador CMS