Å koke Bologna-suppe på Djupedal

Publisert

Kommunisten Jan Erik Skretteberg skriv i Universitas 3. oktober eit innlegg om «Djupedals servilitet» og manglande motstand mot EU og EØS. Skretteberg si haldning til Bologna-prosessen skal han få ha for seg sjølv, men argumentasjonen hans syner at han tufter sine meiningar på feilaktige påstandar, blandar Bologna og EU/EØS og soleis retter baker for smed.

For det fyrste: Bologna-prosessen har ikkje til hensikt «å fremja føremålet om at Europa skal vera den mest tevleføre kunnskapsøkonomien i 2010». Det er det Lisboa-prosessen i EU som har. Lisboa- og Bologna-prosessen er to heilt ulike ting. Medan Lisboa er styrt av EU, er Bologna eit mellomstatleg uforpliktande samarbeid der ministrane kan samanlikna sine respektive utdanningssystem og identifisera kva som bør endrast for å verta meir kompatible. Orda «marknad» eller «tevlefør» er ikkje nemnde i Ministrane sine kommuniké. Bologna-prosessen har i praksis ingen politiske pressmiddel til å tvinga gjennom endringar med.

For det andre: EU har særs liten påverknad. Det er dei 46 medlemslanda som styrer skuta. EU-kommisjonen har formell røysterett på lik line med til dømes Andorra. Andre partnarorganisasjonar er UNESCO, fagforbundet Education International og European Students’ Union – det skulle berre mangle.

For det tredje: Noreg har ikkje «bøygd seg for Bologna-prosessen». Tvert imot! Me har låge i front og påverka meir enn dei aller fleste. Det var til dømes Noreg som fekk gjennom at alle ministerdelegasjonar skulle ha 20 prosent studentrepresentasjon, og at studentane er «partners in governance». Dette er eit demokratisk gjennombrot for land som Serbia, Aserbajdsjan og Georgia.

Det er sjølvsagt mykje som kunne vore betre i Bologna-prosessen, slik vil det alltid vera når 46 land skal samarbeida om noko. Men prinsippet er ganske greitt – at bacheloren min frå Universitetet i Oslo skal kvalifisera til master i Ljubljana som igjen skal kvalifisera til jobb i Estland. Prosessen har også vekt internasjonal merksemd. Så godt som alle landa i Latin-Amerika inkludert Venezuela, Bolivia, Cuba og Brasil har no starta sin eigen prosess som er så godt som ein blåkopi.

At Skretteberg ikkje liker EU er ein ting. At han nyttar grunnane derifrå til å gå til åtak på Bologna-prosessen tyder på ideologisk blindskap og eit tvilsamt forhold til fakta.

Powered by Labrador CMS