Kjære Jonas, gjenta etter oss:

Publisert

Vest-Sahara er okkupert av Marokko. Vest-Sahara er okkupert av Marokko. Vest-Sahara er okkupert av Marokko.

- Det var ingen som snakka om den «tyske situasjonen» i Noreg under krigen.

Me skulle gjerne sett at du ordla deg noko mindre tåkete i svaret ditt på kronikken vår. Det var ingen som snakka om den «tyske situasjonen» i Noreg under krigen.

Sjølv om det er nyttig at Noreg stør FN sin prosess for å forhandla fram ei løysing på konflikten slik du skriv, vil det neppe skada om du samstundes tek eit prinsipielt standpunkt basert på rettferd, etikk og folkerett. Vest-Saharas krav på sjølvråderett er stadfesta gjennom meir enn 100 resolusjonar i Tryggjingsrådet og Generalforsamlinga i FN.

Du held sjølv fram kor viktig det er med internasjonal semje. I lys av dette blir det vanskeleg å sjå korleis du kan ha ryggdekking for passiviteten din. Greitt nok at du rådar norske selskap frå å delta i den marokkanske plyndringa, men så lenge du aksepterer det vil det halda fram. Den bistanden du omtalar blir i beste fall eit symbolsk plaster på såret når norske selskap som attpåtil er deleigde av staten plyndrar Vest-Sahara for naturressursar verdt det mangedobla. Framleis har ikkje norske styresmakter protestert mot at det norske selskapet Fugro-Geoteam legg til rette for eit framtidig marokkansk oljeeventyr i saharawiske farvatn.

Din eigen statssekretær, Raymond Johansen, uttalte i helga til Adresseavisen at «det er viktig at alle former for overgrep i Vest-Sahara-området stanses». Okkupasjonen og plyndringa er også overgrep. Kan du vera så snill å følgja opp haldninga til FN og det politiske Noreg? Kan du i det minste kalla ein spade for ein spade og uttala (gjerne her i Universitas) at Vest-Sahara er okkupert av Marokko? Sverige klarer det. SV, Sp, LO, AUF og eit usedvanleg breitt spekter av politiske organisasjonar klarer det. Bondevik II klarte det. Ap klarte det før de kom i regjering. Me er sikre på at viss du verkeleg vil bidra til å betra situasjonen, så kan du også.

Du har sikkert dei beste intensjonar, Jonas. Dessverre trur me ikkje du utfyller heile ditt potensiale til å skapa ei god løysing i denne saka. Hugs: Vest-Sahara er okkupert av Marokko.

Powered by Labrador CMS