Boikott Israel
Etter å nettopp ha kome heim frå Palestina og sett Israel sin aphartaid i praksis vart eg provosert då eg såg debattinnlegget til Morten Rand-Hendriksen som er diskrimineringskontakt ved Universitetet i Oslo, 24. oktober.
Han bruka slagordet «Boikott Israel» som eit av tre eksempel på diskriminering ved Universitetet og skriv: «Når noen sprayer teksten \'Boikott Israel\' over hele Blindern, gir dette uten tvil alle studenter med tilknyting til Israel en følelse av at de ikke er ønsket ved Universitetet.»
Dette viser at Morten Rand-Hendriksen har eit uklart forhold til omgrepet diskriminering. Diskriminering er for han kvar gong nokon føler seg diskriminert. I forhold til det eksempelet eg reagerte på gjev det eit rart resultat. Israel er ein stat som har diskriminering i grunnlova. Ikkje-jødar vert annanrangs borgarar. I tillegg er det ein stat som okkuperer land. Boikott Israel Aksjonen samarbeider med boikottorganisasjonar i Palestina som jobber mot denne diskrimineringa. Det å sei at ein vil boikotta Israel er eit politisk slagord, som ikkje går på enkeltpersonar, men mot ein rasistisk, diskriminerande stat. Boikottarbeidet mot Sør-Afrika vart etter kvart allment akseptert, på same grunnlaget. Det å vera israelar gjer ikkje automatisk at ein vert teken til inntekt for den israelske staten, og det at ein israelar ser slagordet skal ikkje automatisk føra til at han føler seg uønskt på Blindern, med mindre han støtter aphartaiden til Israel.
Eg synest at det er viktig med anti-diskrimineringsarbeid, og håper at universitetet vil vidareutvikla dette. Men eg synest godt ein kan definera omgrepet diskriminering litt snevrare slik at ikkje alt politisk arbeid mot statar vert dekka av det.
Ingrid Baltzersen, medlem av Boikott Israel Aksjonen
1
3