Eksamensoppgåver på nynorsk
Eg viser til Studentmållaget sitt ope brev om saka, trykt i Universitas 16/2005.
Universitetet i Oslo har som mål å gje studentane eksamensoppgåver på den målforma dei ber om ved oppmeldinga. Eg er lei meg for at vi ikkje alltid lever opp til den regelen. Vi tek klagene alvorleg, og vil difor vurdere på nytt kva slags tiltak vi bør setje i verk for å sikre at vi leverer slik vi skal.