Farlege feilprioriteringar ved historie

Publisert

Situasjonen er prekær, ressursar må sparast inn, utdanningskvaliteten justerast ned. Det her semesteret er den obligatoriske kvalifiseringsoppgåva for 1000-emna og dei fleste 2000-emna på historie tatt bort: ho kosta for mykje.

Leveringa av denne oppgåva har vore ein viktig del av den akademiske skoleringa, eineståande i utviklinga av evna til å produsera ein akademisk tekst. Særleg i den første fasen av studia har den her øvinga hjelpt gryande studentar til å skjøna struktureringa og disponeringa av ein fagleg tekst. Studentar som har gått igjennom skoleringa med kvalifiseringsoppgåvene står mykje betre rusta til bachelor- og masteroppgåve enn om deira tidlegare erfaring er bygd på ei heseblesande eksamensuttømming. Samstundes har reproduksjonen av kunnskap vore ein svært god empirisk læremetode. Kvalifiseringsoppgåvene har såleis vore eit glimrande døme på «learning by doing».

Avgjerda om å avskaffa oppgåvene er tatt over natta, og prosessen har lege i mørkret. Fagutvalet på historie merka seg tendensar i haust, og argumenterte sterkt imot. Sjølv om fleire på program- og instituttnivå var samde i argumenta mot oppheving, gjekk avgjerda i ei fundamentalt anna lei på eit ekstraordinært møte mellom instituttleiing og program før jul. Studentane vart ikkje tatt med på høyring. «Studentene har rett til å bli hørt i alle saker som angår dem» heiter det. Vedkjem ikkje den her saka studentane?

«De alternativer man ble stilt overfor i forbindelse med krav om innsparingar» førte til at ein utraderte oppgåveordninga. Instituttleiinga har overkøyrt alle argument om fagleg utbytte. Det er utelukkande økonomiske omsyn som har spelt ei rolle her, pengane har rådd. Samstundes innrømmer programleiing at dei tiltaka ein no har innført sannsynlegvis heller ikkje er nok, og at det var på hengande håret ein fekk berga heimeeksamenane, det andre høvet ein har til å øva sin akademiske tekstproduksjon.

- Skal ein læra noko her, får ein greia seg sjølv.

Ein har her gjort prioriteringar som går sterkt utover studentane sine akademiske kvalifikasjonar. Skal ein kutta i pengebruken, er opphevinga av kvalifiseringsoppgåvene eit ineffektivt middel. Skal ein kutta i studentane sin kompetanse, er det derimot særs effektivt. I notatet «Normer for undervisning» på fakultetet står det at «målet er å gå bort fra en tradisjonell forståelse av eksamen som ren kunnskapskontroll til fordel for vurderingsformer med læringseffekt». Denne politikken er no forlaten. «Studentane har ansvar for eiga læring» er det påpeikt. Skal ein læra noko her, får ein greia seg sjølv.

Powered by Labrador CMS