Grønt ugras?

Publisert

Snart er det val til studentparlamentet på Universitetet i Oslo. Alle studentar som bryr seg om seg sjølv, universitetet sitt og verda utanfor, bør stemme. Og nokon har lyst til å gjera enda meir enn det. Nokon har lyst til å stille til val. Grøn Liste på SV-fakultetet er ein slik fraksjon. Stor var skuffinga da vi fekk vite at vi ikkje får høve til det i år.

Det er ikkje moro å oppleve korleis systemet for registrering av nye lister fungerer. Det ser nemleg ut til å vera ikkje-eksisterande. Runda vart gått da semesteret begynte, frå studentutval til Villa Eika til studentutval att. Ein ting er at studentutvalet til å begynne med slett ikkje skjønte kva vi prata om. Vi fekk veta at valet ikkje var før til hausten. Etter kvart klarna tåken. Det var val i april, og eit valallmøte skulle avhaldast før den tid. Det ville bli god informasjon i forkant, både i form av plakatar og i Universitas.

Grøn Liste-kandidatar har halde rimeleg god utkikk både i Universitas og på veggar, der dei går forbi kvar einaste dag. Likevel vart valallmøte halde utan at vi var tilstades. Å ha oversett plaktar som har hengt oppe, må Grøn Liste ta på si eiga kappe. Men det kan framleis tyde på at marknadsføringa av allmøtet har vore alt anna enn god. Parlamentet har satt ned ei nemd for å få til auka engasjement og større deltaking. Da bør ein i allefall sørge for å ha eit apparat som fangar opp dei som tek kontakt og vil engasjere seg. Mellom anna har valansvarleg i parlamentet ei epostliste for informasjon og varsling til liste-fraksjonar. Første steg kunne vera å sikre at alle som har behov, får stå på denne.

Grøn Liste spør seg om ho er ønska i studentpolitikken i det heile. Men det får ho kanskje svar på, om ho stiller til val seinare. Vidare må fraksjonsmedlemmane vurdere kven vi no skal gi stemmene våre til. Dei som rekrutterer frå fakulteta sine eigne organ, står ikkje øvst på den lista.

Powered by Labrador CMS