Ja til eit sermerkt nordiskfag!
Det hev kome framlegg um å vøla um på nordiskfaget, ved universiteti både i Oslo og Bjørgvin. Dette heng saman med ei stor umgjerd av den høgre utdaningi i Noreg. Dei krev at fagi skal bolkast upp i ulike modular, dei kallar, so at studentane kann setja saman emne frå ulike fag meir enn dei kann i dag. Det er serlegt målbolken på grunnfaget som vert råka av denne kløyvingi, og Ivar Aasen-sambandet ynskjer å mæla imot dei brigdi som er påemna.
I Bjørgvin hev denne umgjerdi kome lengst; der ligg det fyre handfaste framlegg til nye studieplanar på alle fagstigi. På grunnfaget er det fleire framlegg til korleides moduliseringi skal gjenomførast. I framlegget som gjeng lengst, er grunnleggjande faggreiner som norrønt og målføre vortne valfrie emne. I eit anna framlegg fær norrøntbolken eit munalegt mindre umfang.
I Oslo er arbeidet på planleggjingstiget enno, men grunntankane er i stor mun dei same som i Bjørgvin. Her òg ynskjer dei å føra inn valfridom på grunnfaget, og dette ser ut til å råma kjerneemni i faget. I den eine valfrie bolken er m.a. målføre teke burt, og den nyare målsoga er gjord til «yngre/ytre språkhistorie i kortversjon». Det hev vorte sagt at dette berre er døme på korleides umvølingi kann gjerast, men det er det einaste me hev å byggja på i dag.
Ivar Aasen-sambandet ser ublidt på den komande moduliseringi, og dei fylgjone ho synest få. Me ottast at mykje av fagi kjem til å ganga tapt; dei misser den einskapen og samanhengen dei hev i dag. Når ei slik umgjerd likevel skal gjerast, meiner me det er um å gjera å taka vare på det beste og mest sermerkte i kvart fag. Difor må nordiskfaget halda uppe emne som hev mykje å segja for heilskapen i faget, og som andre luter av faget byggjer på. Me tenkjer serskilt på målsoga, norrønt og målførelæra.
Me meiner at det ikkje bør gjevast valfridom på grunnfaget. Som nemningi segjer, er grunnfaget ei grunnleggjande innføring i faget, som skal setja studentane i stand til å fordjupa seg meir seinare. Alle bør hava eit sams grunnlag å ganga ut ifrå, og dersom det vert høve til å velja burt emne, kann det setja stenge seinare i utdaningi. Dessutan kann studentane koma til å setja seg sjølve utanfor viktuge innsyner i norskt mål og målsoga.
Nordiskfaget hev til serskild fyreloga å syna fram samanhengar i soga, og i ei tid då mange synest leggja burt slikt som er heimlegt og sereige, må faget vera eit ryggstyd mot utvatning og fanteverk. Det er um å gjera at komande norskfagsfolk fær ei grunnfast utdaning. Kunnskap um norsk og nordisk målsoga og målvokster kann opna upp augo åt folk for det sermerkt norske målet.