Noregsnettrådet, ressursbruk og NSU

I eit oppslag i Universitas 4. april uttalar nestleiaren i Norsk Studentunion (NSU) at «Norgesnettrådet driver med unødvendig pengebruk». Dette er ein påstand som krev ein kommentar.

Det er Noregsnettrådet sjølv som i møte gjer vedtak om kor mange møte som skal haldast, og kvar dei skal haldast. Det har alltid vore samrøystes tilslutning til møteplanane, også frå dei som kjem frå NSU. Det er difor høgst overraskande at nestleiaren i NSU, som har vore med på møta, no kritiserer møteplanen.

I Stortingsmelding nr. 27 gjer Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet (KUF) framlegg om ei strukturforandring av Noregsnettrådet, til eit fagorgan med styre. Nestleiaren i NSU ser ut til å meine at rådet kan leggjast ned. Eg vil då minne om at rådet i møte 29. september i fjor samrøystes vedtok følgjande i høyringsfråsegna til Mjøs-innstillinga: «Norgesnettrådet tilrår at et uavhengig rådsorgan for høgre utdanning videreføres». Med på møtet var både leiar og nestleiar i NSU.

Noregsnettrådet er eit rådgjevande organ for KUF i saker som gjeld den langsiktige utviklinga av høgare utdanning i Noreg. Rådet har eit ansvar både for statlege og private institusjonar. KUF har oppnemnt rådet, som har 13 medlemmer, ein av dei er foreslått av NSU. I tillegg møter tre varamedlemmer fast, mellom dei ein etter ønske frå NSU. Rådet har vore i verksemd i snautt tre år.

Talet på deltakarar på møta er stort sett gjeve ut frå KUFs oppnemning og ønsket om møtande varamedlemmer. I tillegg møter nøkkelpersonar frå sekretariatet. Fleire er det ikkje som Noregsnettrådet dekkjer utgiftene til.

Rådet har lagt stor vekt på å skaffe seg kunnskap om den høgare utdanninga i heile Noreg. Vi har difor lagt dei fleste møta til utdanningsinstitusjonar rundt om i landet, og dessutan hatt eit temamøte i tilknyting til regionen. Og det er eit uomtvisteleg faktum at dei fleste institusjonane ligg andre stader enn i Oslo.

Som leiar av Noregsnettrådet finn eg det merkeleg at NSU i intervju med Universitas formulerer kritikk av ei verksemd i rådet som representantane frå NSU sjølve har vore med på å vedta.

Magnus Rindal, leiar av Noregsnettrådet

Powered by Labrador CMS