Svar til Anne-Lovise Næss

Anne-Lovise Næss har i Universitas 21.11.01 eit innlegg retta mot Forprøva i lingvistikk (FL). Som fagansvarleg for Forprøva i lingvistikk/Lingvistikkvarianten vil eg gjerne svare Næss på følgjande tre punkt:

1. Tittelen på innlegg til Næss er «Forprøven i lingvistikk – fagarroganse?». Svaret mitt på dette (retoriske?) spørsmålet er NEI. Næss fortel meg ingenting om korleis denne arrogansen kjem til uttrykk, med mindre det ho meiner er at me som driv FL er arrogante fordi ho har stroke. Dersom det er rett, er eg redd det er mange fagmiljø ved norske universitet og høgskolar som framtrer som arrogante for Næss.

2. Næss hevdar at strykprosenten på FL er på «over en tredel». Dette er ikkje riktig. Dersom me går tilbake til H97 (som er så langt tilbake som eg har statistikk), har strykprosenten på ordinær prøve aldri vore så høg som 33%. Dei offisielle tala gir eit heilt anna bilete enn det Næss presenterer: H97: 16,5%, V98: 27,4%; H98:16,7%, V99: 23,3%; H99: 10,6%; V00: 12,6%; H00: 24,5%; V01: 16,7%; H01: 31,1%. Dette gir ein gjennomsnittleg strykprosent for dei siste seks semestra ved FL på 19,9%, eit tal som altså er langt lågare enn det Næss hevdar.

3. Næss ser at det kan vere behov for lingvistisk kunnskap på høgare nivå, men tvilar på om slik kunnskap er nødvendig for at ein student skal kunne ta grunnfag. Her vil eg svare at forholdet vel snarare er det motsette. Grunnfaga ved Det historisk-filosofiske fakultetet føreset kjennskap til grunnleggande omgrep innanfor ei rekke lingvistiske disiplinar, som fonologi, syntaks, morfologi, historisk lingvistikk, sosiolingvistikk osv. Eitt av dei viktigaste måla med studiet til FL er nettopp å gjøre slike omgrep kjende for studentar som skal studere språkfag ved fakultetet. Og viss desse er forståtte når studentane tar grunnfag, er det min påstand at studiar på høgare nivå blir enklare for mange.

Kristian Emil Kristoffersen, Fagansvarleg på Forprøva i lingvistikk/Lingvistikkvarianten

Powered by Labrador CMS