Utanfor vår eigen navle

Nyvalgt president i Association of Norwegian Students Abroad (ANSA) André Nerheim oppfordrer i ukens kronikk både studenter og politikere til å se verdien av studier i utlandet.

Noreg har gjennom fleire år laga eit relativt godt tilbod til norske studentar som ynskjer å utdanne seg i utlandet. Med over 7 prosent av alle norske studentar i andre land kjem Noreg godt ut i internasjonal målestokk. Dette er eit steg i rett retning for å fylgje opp vedtaket i samanheng med Stortingsmelding 19 (1996-97) om at minst 50 prosent av alle norske studentar skal ta delar av eller heile utdanninga si i utlandet.

I eit samfunn prega av aukande samhandling over landegrensene er det viktig med brei kompetansebygging. Det er liten tvil om at det å studere ute over ein kortare eller lengre periode gjev ein unik eigenverdi. Eg vil difor råde flest mogleg av Dykk som studere ved norske universitet til å få desse viktige impulsane. Det er viktig få erfaringar frå andre land og kulturar, samt å få innblikk i andre akademiske tilnærmingar. Ein ser og i ein aukande grad at arbeidsgjevarar set pris på internasjonal kunnskap og erfaring. ANSA jobbar kontinuerlig med å betre forholda for alle som reiser ut, både dei som tek delar av og dei som tek heile utdanninga si i utlandet.

«Ikkje ver med å underbyggje påstanden om at nordmenn er kalde individ som lev i isolasjon langt oppe i nord.»

ANSA ser sjølvsagt og kor viktig det er at universiteta og høgskulane i Noreg vert flinkara til å ta imot og behandle internasjonale studentar som vel å studere i Noreg. Her har Dykk som studentar ei viktig rolle. Ikkje ver med å underbyggje påstanden om at nordmenn er kalde individ som lev i isolasjon langt oppe i nord. Ta dei internasjonale studentane inn i varmen, integrer dei i dykkar aktivitetar og lær av deira måte å tenkje på. Om ein ikkje syner forståing for andre kulturar, vil ein gå glipp av å bli internasjonalisert her heime.

Budsjettposten som går til å dekkja skulepengar i utlandet var i fjor haust under angrep. Giske foreslo i statsbudsjettet for 2001 å ta i frå støtta til å dekkje skulepengar til studiar i utlandet til rundt 25 prosent av søkjarane. Heile seks studieretningar var ynskja fjerna frå gebyrstipendlista. Resultatet av budsjettforliket vart at «berre» tre fag vart fjerna. Likevel innskrenka Regjeringa med dette 500 studieplassar i utlandet. Soleis vart framtidige norske studentar sine val alvorleg innskrenka.

I samband med behandlinga av Stortingsmelding 27 (2000-2001) om Giskes kvalitetsreform stadfesta Stortinget at gebyrstipendordninga fungerte bra og burde vidareførast. Fleirtalet understreka og at ein ikkje skal omfordela midlar frå gebyrstipendet til norske institusjonar sine internasjonaliseringsstrategiar.

Kostnadsnorma til utanlandsstudentane har også vore under press. Om Regjeringa sitt forslag hadde blitt vedteke ville til dømes studentar i Japan tapt rundt 12 000 kroner samanlikna med det dei får utbetalt i dag. Heldigvis vedtok fleirtalet på Stortinget at ordninga med differensiert kostnadsnorm skulle vidareførast med same auke i kostnadsnorma som for studentar i Noreg.

Det er viktig å huske på at om utanlandsstudentar i framtida vert nedprioritert, vil det gå ut over tradisjonell norsk sosial rettferd. Me likar å vifte med det norsk flagget og tru at me har lik rett til utdanning. Utan lik rett til dekning av skulepengar i utlandet, vil berre barn av rike foreldre kunne velje fritt kva og kor dei vil studere. ANSA har i ei årrekkja arbeida for at alle skal ha lik rett til å studere i utlandet, uavhengig av kjønn, alder, sosial, geografisk, etnisk eller økonomisk bakgrunn.

Det vert store endringar i det norske utdanningssystemet etter den nye reforma. Kva hovudutfordringar har me i ANSA framføre oss i tida som kjem? ANSA vil arbeide for at alle sosiale grupper kan studere i utlandet, vidareutvikle gebyrstipendordninga, sikre auken i kostnadsnorma, samt ha ein god dialog med norsk studentdemokrati og norske utdanningsinstitusjonar. ANSA arbeider difor aktivt opp mot sentrale aktørar for å fronte norske studentar som tek heile eller delar av grader i utlandet. ANSA vil soleis også forsvare interessene til dei unge som i framtida vurderar eit kortare eller lengre opphald ved ein utanlandsk institusjon.

Powered by Labrador CMS