
Mistillit på Kunsthøgskolen
Studieleiaren på Kunstakademiet har trekt seg frå stillinga si, men dekanen ser ingen grunn til å tilsetja ein ny med det første. Studentar og tilsette rasar.


Bachelorstudentane på avdeling Billedkunst – Kunstakademiet på Kunsthøgskolen i Oslo (KHiO), har ingen studieleiar. Stillinga har vore ledig sidan 23. februar, da den forrige studieleiaren ikkje lenger ville halde fram.
– Eg fekk trugsmål av KHiO sine advokatar om at eg kunne risikere å miste stillinga, både som studieleiar og professor, seier tidligere studieleiar Michael O`Donnell.
Argumenta var lite saklege, meiner han.
– Mellom anna skulle eg ha kalla dekanen for kvakk-kvakk, og ledd på eit møte. Etter dette ville eg ikkje halde fram som studieleiar.
Ingen tillit
Leiaren av studentutvalet, Marius von der Fehr, er svært lite nøgd med situasjonen.
– Studentane treng ein fast person å forhalde seg til. No har dekanen teke over det formelle ansvaret for denne stillinga, men han har vi ikkje tillit til, seier han.
Han viser til mistillitsframlegg frå studentutvalet mot dekan Ståle Stenslie både i april og oktober i fjor. Stenslie på si side hevdar at dette ikkje er noko problem.
– Det er uansett eg som har det formelle ansvaret for alt som skjer på fakultetet her.
Avviste intern kandidat
Stillinga som studieleiar er ei 50 prosents stilling, og Stenslie fortel at det vil bli tilsett ein ny til hausten.
– Inntil vidare fungerer situasjonen godt med dei ressursane vi har tilrådevelde. Praktiske studieleiar-oppgåver som avgangsutstillingar og opptaksprøver blir fordelt mellom reisten av dei tilsette, sier han.
Men O`Donnell, som framleis er tilsett i full stilling som professor, er ikkje samd i at dagens situasjon er god.
– Nei, det er det reinaste nonsens. Dei tilsette har allereie alt for mykje å gjera, og det vil studentane lide under, mellom anna ved mindre tilgjenge og oppfølgjing.
von der Fehr fortel at studentutvalet og lærarkollegiet fremja ein intern kandidat til stillinga da O`Donnell trakk seg 23. februar. Dette fekk dei ikkje gjennomslag for, seier han.
– Kvifor ville du ikkje tilsetja denne personen, Stenslie?
– Eg har ikkje gått imot nokon. Men eg meiner situasjonen kan fungere godt med dei ressursane vi har i dag, seier dekanen.
Følgjer spelereglane
Rektor ved Kunsthøgskolen, Peter Butenschøn, seier at etter det han kjenner til, er alle avgjerder og tiltak på Kunstakademiet truffe i samsvar med gjeldande reglar, og ønskjer utover dette ikkje å kommentere saka. Marius von der Fehr opplyser om at studentane og kollegiet kjem til å sende sak til styret om mistillit til dekan Ståle Stenslie.
– Dette er verkeleg eit uhaldbart mistillitstilhøve, seier han.